Vinter
GODT NYTT ÅR

Eg veit eg smi­ler
Eg har slanka meg rundt haka
Eg smi­ler, men eg mei­ner det!
Stig på

Dei kjem og hen­ger frå seg dyner, jak­ker, skjerf
Kom inn
Ta deg eit glas
Det byr­jar å bli tra­di­sjon,  – kor lenge sidan du var her sist ?
Medan Evy og dei,
Nokre er meir etter­spurde enn, neidå –
Har alle fått?

I år er naboen heime, så det blir fest her
Kalle har laga maten
Og eg har rydda,
han gri­sar fælt når han kokkelerer

/

Du ser bra ut. Du ser mykje pig­gare ut. Eg snak­kar ikkje kilo. Du ser frisk ut. Nei, herre­gud – eg har putta inn sånne – ser du ikkje? Jo, men eg har råd. Er ikkje fint å over­driva, men eg sa det, vil berre ha litt. Han var flink. Men du, seriøst – det er noko i auga dine. Du er opnare. Eg veit – det er noko med dei perio­dane, du har det jæv­lig men er vak­rare enn  – du sår­bar, det er difor du strå­lar, det er eit para­doks. Eg er så lei for at – men fan­tas­tisk at du tok deg tid, unn­skyld – ? Nei vi står berre og –  kva? – ha!  Pen kan du sjølv vera.

/

Lysa blaf­rar. Dei brenn for fort. Men vi har mange!

/

Kalle, sjek­kar du kjø­ke­net?
Eg trur vi kan setja oss, sit kvar du vil, men ingen får sijta med part­na­rane sine! anna­kvar kvinne og mann
Finn nokon du ikkje kjen­ner
Jo, men nokre her kjen­ner du vel­dig godt
Ikkje høyr på han, set deg kvar du vil, hysj Kalle! ja, seier eg

Dette er årets høgde­punkt: Årets start­punkt og slutt
Og akku­rat som vi sit her
Kom Kalle
Jo men det er fer­dig no, trur du ikkje?
Vi som – viss vi skal vera ærlege – ikkje all­tid har tid elles
Vi veit at akku­rat i kveld:

Å høyr no er naboen i gang
Kalle, kom –
Jo, men ikkje, Kalle – eg har alle­reie –
Ja vel. Unnskyld

Slik er han
Gjer seg til martyr

/

Eg er så utru­leg glad for at kvar og ein av dykk –

/

Men det er ille med hun­den; verre år for år.
Vi er nøydde å sperra han inne

/

Vi ten­ner lys og det skin gjen­nom lap­par av voven krys­tall; lyset er vak­rast mot snøen som sirk­lar ned­over: då kjen­ner vi oss opp­løfta. Det er ikkje kaldt, berre sånn at vi finn kvar­andre i lune kro­kar. For kvar ved­sekk eg hen­tar så gler eg meg over dette, at eg har ved, at eg lever i eit land med ved, at eg har bestilt i tide, og at det fram­leis er tennbrikker.

/

Det er noko med lengsla etter det vi gløy­mer; at vi skal finna noko i hjarta til kvar­andre; kva er kjær­leik om ikkje nett­opp dette med å inn­lemma. Det er så rørande; det rører meg alt saman, vi står her samla i år igjen, vi er ikkje unge, men vi står i same halv­sir­kel som den gon­gen vi leika vaksne, og no er vi vaksne, no er vi nes­ten gamle, og vi ten­kjer med takk­semd på kor hel­dige vi er her, i ver­das kal­daste land, at vi har eit stea­rin­lys å varma hen­dene på. Tenk kor lett det ville vore berre å tura fram; gløyma kor hel­dige vi er. Tenk kor lett det er å henga seg opp i små detal­jar; det som aldri er bra nok. Det er vik­tig å vera takk­sam. Men no gløy­mer eg meg bort.

/

Eg veit ikkje kven som har bestemt at det skal vera del av tra­di­sjo­nen. Hanne byr­jar, og for­tel ho byr­jar å komma over tom­heita etter Per. At ho sjølv­sagt all­tid vil kjenna på at han ikkje er der, men at ho no også kla­rer å gle seg over ting, inn­imel­lom. At det er fint å vera her. Ho ler og tør­kar seg i auget. Kalle spør om ho ikkje  av og til drøy­mer om å møta ein ny mann. Hanne smi­ler raud­nande og ser ned. Gje deg, Kalle, seier eg, men Kalle held tryk­ket oppe. For­tel då, seier han, og let seg ikkje merka med at eg er irritert.

/

Det er både kon­stru­ert og vak­kert  å sitja og lik­som ta tida inn­over seg, livet sjølv. Det er eit fint høve til å snakka saman. Slik som du, Halv­ard. Vi hadde nes­ten gitt opp å få deg med meir, så langt inn­so­gen du var i desse turane dine

/

Unn­skyld viss eg for­styr­rar
Eg ser du er bedogga, du har fest? Slapp av, det er berre naboen! Unn­skyld, dei er så fulle. Kva kan eg hjelpa deg med?
Bra du morar deg
Det høy­rest
Ja
Eg fei­rar også
Ja
Eller – vi, då. Eg er ikkje åleine
Nei
Vi er ein gjeng.
Eg gjekk berre ut litt før dei andre.
Eg for­står
Eg ville berre ønskja godt nytt år
Ja?
Godt nytt år
Godt nytt år!
Det var berre det.

/

Og Fred­rik, no er det deg!
Eg veit ikkje om du vil vi skal snakka om det –
Eg mei­ner, det blir nes­ten rart å ikkje … Eg rek­nar med alle veit? Er det ikkje –
å! – unn­skyld! Unn­skyld meg, Fredrik.

Nei, nei. Gløym det. Det er ikkje så interessant.

/

Det var for­res­ten naboen. Han ville ønskja godt nytt år.
Er han ein­sam?
Eg trur meir nys­gjer­rig. Eg trur ikkje ein­sam,
Han har besøk
Er det han som går der ute?
Kvar
Det går nokon og trak­kar
Kvar?
I hagen
Du ser spora
Ja
Er det naboen som går og trak­kar?
No går han
Ja men han gjekk og trakka?
Han gjorde visst det
Trur du han er ein­sam?
Han har besøk
Ja men viss han har besøk, kvi­for går han og trak­kar
Han har ikkje gått
Ser du ikkje
Ser du skug­gen
No står han i ro
Han ser at vi ser
Han har eit drag over ryg­gen, ser du?
Ein vin­kel
Det er noko med han
Det kvi­ler eit hat
Å?
Over han
Du tul­lar
Er du ikkje einig
Kan­skje han er ein­sam
Han er full
av hat
Tulle­bukk
Skal vi be han inn?
Er det fordi han er åleine, eller er han full av hat
Han vil ikkje inn.
Då ville han spurt
Men det er rart han trak­kar, han trak­kar rundt oss.
Kva var det han sa, sa du?
Det har eg sagt.

/

Alt det der som vart avdekt i rap­por­ten –
Folk som hadde varsla:
Utru­leg at dei ikkje vart høyrde

Vi er fer­dige med det no.
No snak­kar vi om noko anna, om drau­mar, gra­der, at eg ikkje kla­rer å kjenna gra­dene
Gra­dene?
Ja dei seks gra­dene
Fy faen

Eg kla­rer ikkje kjenna gra­dene, seier eg, for­står du, eg for­står ikkje
Eg for­står ikkje det eg ikkje kjen­ner
Det er mor­gon­da­gen eg ikkje kla­rer å kjenna, seier eg
Eg lever no
I noet
Det er det som er så for­fer­de­leg
Dår­leg levd

For­vent­nin­gane
Om at vi skal klara å ta høgde
For det vi ikkje forstår

/

Det er desse gra­dene, prø­ver eg igjen
Seks gra­der Cel­cius
Du mei­ner opp­var­ming, seier Kalle
Nokon smi­ler
Ja, kva elles;
Seks gra­der
Som eg ikkje

kla­rer

Ja, nik­kar alle, men eg ser det:
Eg har gjort meg betre, eg har prøvd å gjera meg betre, og difor er eg verre
Eg kla­rer det jo ikkje, eg hel­ler, seier eg
Eg er eit dår­leg men­neske
Eg er hel­ler ikkje –
Nei.
Vi tek det jo ikkje inn over oss:
Altså, ikkje eg hel­ler, gjen­tek eg

Nokon smi­ler
Ja ja, seier Kalle

/

Dette er lov­na­dane mine for det nye året:
Vera grei og snill

Men kva er det du vil, spør Kalle, han er full og krangle­vo­ren
Eg vil vi star­tar på nytt
Med kva?
Skal vi ta heile sam­ta­len på nytt, er det det du vil?
Ja det hadde vore fint. Alt saman, å starta på nytt.

/

Kan vi? Vil du?
Ver snill
Og kva legg du i å starta på nytt
At du til­gjev
At eg til­gjev?
Kan du det?
Til­gjev kva?
Ver snill

/

Åh – Kalle, du veit, nokre gon­ger
Nokre gon­ger kan eg kjenna meg så ned­søkkt
Kva mei­ner du
Kva mei­ner eg
Gje deg, ingen andre veit kva du snak­kar om
Slapp av, ingen andre høy­rer kva eg seier
Dei er så opp­tekne av glasa sine

/

Fak­tum er at nokon døyr i natt,
seier Joar. Kvar nytt­års­natt.
Naboen har budd her i seks år, vi i førti.
Vi kan hand­tera raket­tane, vi har budd her i 40, og då er det litt kuns­tig å skulle endra regel­ver­ket. Det er dei andre som er nyinn­flytta; då må dei for­halda seg til ting slik dei er, det er dess­utan ikkje rigid

/

Det er alvor­leg. Nokon skal brenna i natt. Det er for­fer­de­leg. Og så at vi ikkje veit.

/

Nokon skal brenna. Og så at vi veit; kva er det som gjer at vi gjer det, fyrer av mil­li­ar­dar og let dei hyla , endå vi veit – men vi fei­rar, like­vel, kan­skje nett­opp difor: Vi lever, fram­leis, og det er far­leg. Nokon skal brenna, for nokon gjer det all­tid, men det er ikkje ein tanke som tener til noko,  det er ikkje ein kon­struk­tiv tanke, det er vik­tig å vera til­sta­des. Du, Sigrun, veit jo dette, har fått erfara, kor vik­tig det er å vera til sta­des medan vi er her. Det er beund­rings­ver­dig kor­leis du har nytta – eller, kva skal vi kalla det. Kor­leis du har takla det. Vi hug­sar jo korleis

/

Vi skal løfta hen­der som er fletta inn i kvar­andre, tømma glas og auga skal funkla. Vi skal gløyma det vans­ke­lege og feira det vi har fått til. Tida sjølv er jubi­lant. Sekunda skal få sin eigen fest, i dét vi tel ned frå tre til to eitt Godt nytt år! Lat dette bli kjær­lei­kens år. At vi skal tora å tru på det vi ikkje kjen­ner. At var­men skal vera grense­laus, det men­nes­ke­lege. Ver­di­ane. At ver­di­ane vi trur på og held så høgt, skal kunna delast og bli til­jubla av endå fleire på jorda her. Dei minste er vakne heilt til no, og dei eldste har fått gå og legga seg. Hun­den har fått noko å roa seg på og det er lenge sidan eg har sagt det, kjære, men det er sant. Eg els­kar deg.

/

Klokka halv elleve. Man­nen min kvis­krar i forbi­far­ten, når folk klap­par etter at Grete levert ein vits: Vi klap­par og Kalle lener seg mot meg.
Hæ, seier eg.
Kalle gjen­tek men eg høy­rer ikkje, for folk er ikkje fer­dige med å klappa; kva seier du, seier eg, og så blir det stilt.  Alle for­vent­nings­fulle, klare til å le av neste replikk.
Eg undra berre på kva naboen driv med. Gløym det.
Kalle er redd naboen skal ha større fyr­ver­keri enn oss, seier eg.
Herre­gud, Ing­rid. Kalle smi­ler surt. Eg kys­ser han.
Naboen må spruta kinap­ut­tar så mykje han vil. Eg har andre måtar, seier Kalle.
Ja, seier eg.

/

Har eg for­talt kor mykje betre vi har det?
Vi for­talde vel ikkje alt i fjor
Det er ikkje all­tid det er natur­leg
No har vi det bra
Fak­tisk vel­dig
Det hei­ter seg at alle har perio­dar
Men det er vans­ke­leg å føre­stilla seg før ein står der, med dri­ten opp­et­ter
Poen­get er at det går over – hugs det!
Og no er vi luk­ke­lege
Kalle og eg
Og no må de drikka!
Herre­gud, så mykje som kan skje på eit år

/

Rakett frå Nord­korea heilt bort til Sta­tane, seier Joar
Ja det er sant, dei snakka om det
Kina og Russ­land. Dei pro­te­ste­rer. Men gal­nin­gane: gjer det like­vel.
Ja?
Ja.
Ja.
Og ingen snak­kar om det
Kva mei­ner du?
Har vi snakka om det?
Nei.
Vi snak­kar om det no?
Ja no ja, men
Kva mei­ner du, no ja? No? I kveld? Vi?
Ja?
Nei, snakka om det? Kva skal vi seia? Snakka om det?
Nei du har rett. Det er ikkje noko å seia

/

Vi kunne dis­ku­tera
Kva då
Dis­ku­tera kor far­leg det er
Kva då
At Nord­korea prøve­skyt raket­tar
Det er far­leg. Men kva skal vi seia? Det er klart, alle må få prøva seg.
Mei­ner du? Det du nett sa?
Ja?
Eh. Ja.

Ja. Vel.

/

Eit lite land kan ikkje driva og bomba Gud og kvar­mann,
Men noko må vi gjera
Gjera noko
Ja
Så kva då? Kva skal vi gjera?
Noko. Snakka om det. Bry oss.
Ja men kva skal vi gjera då? Skal vi knusa dei søn­der og saman?

/

Unn­skyld kan du setja på noko dsjæææz.
Eg har lyst på litt dsjæææz.

/

Kva er han slags fyr, han naboen din? Fyra av så mykje på føre­hand. Han driv med noko anna også, ser ut som. Vin­kel­sag eller noko. Godt vi ikkje er reli­giøse, seier Grete og blun­kar. Ja, ler Kalle beskt. Lysa der nede er kvite, som frå arbeids­lam­per, ikkje som frå logande varmekjelder.

/

Det har med erfa­ring å gjera.
Jo, men du har sett på opp igjen­nom, du har respekt for kva det hand­lar om. Du veit kva det hand­lar om – det blir som folk som kjem ut av skå­pet, eller som driv med noko i skjul – eller som når dei ende­leg får pen­gar. Det blir smak­laust. Det blir lik­som sånn… Det er for­fer­de­leg, folk for­står ikkje at reg­lane som kjem – altså, ansvar­lege folk er ansvar­lege uan­sett, og dei andre bryt reg­lane uan­sett, så alle dei nye for­ord­nin­gane ver­kar på ein måte mot si hensikt

/

Her sit vi og prø­ver å ta all­ting inn­over oss,
men
Kva mei­ner du, skal vi la vera, då, ikkje ein­gong prøva

/

Prøva. Prøva å vera nær
Eg mei­ner ein må starta i det nære
Sitja og preika moral, det er det du vil; du ser arbei­dar­parti­top­pane!
Men eg mei­ner
Pøh. Viss eg var deg –
Du er ikkje meg
Eg ville ikkje vore så brenn­sik­ker. For å seia det sånn

/

Eg står på kjø­ke­net. Eg ten­kjer på man­nen eg var gift med før. Han var ein mild og stille per­son eg vart raust­laus med. Eg ten­kjer på kva jule­sel­skap eg ville hatt viss eg var gift med Jør­gen. Dei er så støy­ande der inne, utan musi­ka­li­tet. Eg likar ikkje vit­sane til Grete, ho pose­rer, dyt­tar inn refe­ran­sar og for­tel­jin­gane er utan poeng.

/

Eg har fått raud­vin på blu­sen. Eg hug­sar eit triks om å fjerna raud­vin med kvit­vin, så eg  opnar ei flaske sjam­panje. Helst burde eg gått på badet, men då må eg gjen­nom sel­ska­pet så eg lener meg over vas­ken og hel­ler sjam­pan­jen over brys­tet. Vinen for­svinn i vas­ken eller ned­over skjør­tet, eg tør­kar opp med kjø­ken­klu­ten. Det er glatt på gol­vet så eg kip­par av meg pump­s­ane og nylo­nen trek­kjer raudt. Eg ten­kjer på kor­leis det ville vore viss mamma og pappa levde, i sta­den for desse evin­ne­lege venne­pa­ra­dane. Då eg var yngre føre­trekte eg ven­ner, men no likar eg fami­lie betre. Det er noko som har hendt: Eg ten­kjer fami­lie er alt.

/

Kor­leis går det, muse­mor, ropar Kalle med under­trykt lat­ter. Sum­minga stil­nar.  Alle vil høyra kva det er, er det noko?
Kva er det
Du står her berre, kvi­for står du her.
Det er ein kveld for etter­tanke, for­sva­rar eg meg: eg stod og såg.
Kva ser du på
Snøen. På snøen som dalar og lyset som skin gjen­nom, det er fint sjølv om fonna er grå.
Ja.
Ja.
I det same skje­nar ein rakett. Det der kan dei spara seg, seier Kalle. Bil­lege greier i dage­vis før kvel­den. Kunne dei ikkje valt seg èin ordent­leg, i staden.

/

Er de mange i år?
Det spru­tar i hori­son­ten. Så stil­nar det, før ein bil run­dar svin­gen og kvin forbi. For tret­ten år sidan var det ein som drap seg der nede. Eg håpar folk køy­rer for­sik­tig.
Naboen har lange auge inn, spør om vi er mange.
Eg sva­rar: vi er dei same som sist. Han spør kva vi har tenkt.
Kva har de tenkt?
Eg smi­ler. Eg veit ikkje kva han mei­ner, men han har ein under­leg sjarm. Så byr­jar han å snakka om omsyn, det er vik­tig å ta omsyn, han snak­kar om omsyn.
Eg tak­kar, legg handa på armen hans og seier det er snilt.

/

Han spør om eg kan flytta bilen. Det ver­kar unød­ven­dig, men eg seier ja – eg er ikkje full. Eg stres­sar ikkje – veit ikkje kor lang tid som går. På veg inn snub­lar eg i ei snø­fonn, men det gjer ikkje noko, eg slår meg ikkje, sjølv om fonna er fro­sen til is.

/

Det å skulle verna seg og setja opp alle mog­lege sik­rings­sys­tem mot all­ting – slik er det blitt. Slik er folk blitt. Eg likar det ikkje, det ver­kar unød­ven­dig og nes­ten provoserande.

/

Med så mykje naud i verda, desto vik­ti­gare at vi veit å feira det vi har. Høg­tida blir vatna ut når ein fyrer av alt på føre­hand. Er det ikkje for­fer­de­leg. Men vakkert.

Vi står ute og frys. Vi held kalde glas mel­lom fing­rane og  klem­mer og er varme inn­ven­dig. Lat dette blir kjær­lei­kens år. Lysets år. Eit år av håp og sjansar.

Vi løf­tar hen­der som er fletta i kvar­andre, ropar og auga funk­lar. Vi let lysa spraka og ser røden blussa hjå dei vi er glade i.  Det er lenge sidan eg har sagt det, kjære, men eg els­kar deg. Kan du tru meg?

Dette er mitt ønske for det nye året: At du skal byrja å stola på meg. Når eg els­kar deg.

Han spør om det er greitt at han set opp ei rampe for avfy­ring på føre­hand, seier han: prøve­sky­ting. Eg veit det er for­bode, seier han, men alle andre gjer det, så då vil han gjerne gjera det like­vel. Om det er greitt. Det ver­kar litt over­an­strengt, men no er klokka uan­sett tolv, så eg seier ja: ja seier eg jovi­alt, hos­tar i arm­kro­ken men klar­nar stemma og dun­kar naboen god­mo­dig i ryg­gen. Klart det, vi er jo naboar. Eg dun­kar kan­skje litt hardt.
Han har budd her i – ja, no er det vel seks år
Er det ein vegg?

Godt nytt år, Georg. Unn­skyld, eg er litt full, men eg er utru­leg glad i deg. Du veit eg all­tid har villa i buk­sene på deg. Slapp av, eg veit eg ikke kan. Berre så godt å få sagt det

Godt nytt år!

Vi er tomme – har skote opp alt. Ser du naboen – er det ei støtte­inn­ret­ning? ein ny veranda? Det ver­kar litt vald­samt, men det er også på ein måte fint – ein kvar får skapa sine tradisjonar.

/

Det med mørk­ret. Blin­kinga som fasar ut. Når klokka nær­mar seg eitt.

Noko med kvila, når jula er over.

At vi ende­leg får fri frå Gud

 
SKRED­FARE. Dikt og andre tekstar

 

Screenshot 2014-10-24 22.44.01

 

Frå sida til Cap­pe­len Damm:

Boka SKRED­FARE er både ei dikt­sam­ling og ei sprin­gande, men saman­hen­gande for­tel­jing. Det byr­jar med eit nytt­års­sel­skap der vert­inna er i krise. Både verda og ekte­ska­pet hen­nar synest å vera i opp­løy­sing. Ho vil så gjerne enga­sjera seg, men ser tom­heita i sitt eige enga­sje­ment. Mykje tyder på at dette blir siste nytt­års­kvel­den som gift.
SKRED­FARE tar oss gjen­nom året 2013. Det vakne lesa­ren vil sjå at nyheits­bi­le­tet blir kom­men­tert på poe­tisk vis, med sta­dige len­kar til eg-personens per­son­lege problemstillingar.

 

Teks­tane i Skred­fare er eit utval frå scene-, tekst- og blogg­pro­sjek­tet Fem års­ti­der, som hadde pre­miere på Det Norske Teat­ret i 2013, og som vart co-produsert med Dra­ma­tik­kens Hus.

Vinter
OM Å STÅ OPP OM MORGONEN

Eg ned­vur­de­rer ikkje meg sjølv len­ger
Det er difor eg har bestemt
meg
for å stå opp

Eg står opp
Opp for meg og den eg er

Alt eg er og har fått
For det er meg og det eg står for, eg er

Det er min kul­tur

Det er det
eg er
som eg står opp for

kvar dag

Vinter
RØYSTE­RETTS­JU­BI­LEUM

Har eg sagt at eg hatar kvin­ner
Eg hatar kvin­ner
Eg skulle skrive bok, ho skulle heitt:
Kvin­ner som hatar kvinner

Kvin­ner er ikkje noko eg vil asso­sie­rast med
denne kak­lande, sjølv­rett­fer­dige varianten

Pose­rande

Som om eg skulle trenga for­skjells­be­hand­ling
Som om eg var spe­dalsk
Putta meg i bås
med kjer­rin­gar
og blondiner

Eg vil bli tatt for den eg er
Tatt
Eg vil bli sett

skal ikkje eg ha rett til å vera vak­ker
Det er ikkje fordi eg er vak­ker
Desse kvin­nene med mis­un­ne­lege blikk

Det er jubi­leum, røyste­retts­ju­bi­leum, men viss eg skal vera ærleg
Eg er i tvil
Eg er litt i tvil
Om kva­li­te­ten
Desse såkalla søst­rene mine, dei utgjer atskil­lig fleire enn meg
Dei utgjer
Fleire stemme­set­lar enn eg gjer, og eg sto­lar ikkje på dei
På stemme­se­te­len
Eg veit ikkje om det er til det betre
For meg
At desse søst­rene mine
At det nød­ven­dig­vis er til det betre
For meg
Eg kunne likeså godt påverka utan å stemma
Det ville betra resul­ta­tet
Det ville blitt betre
Eg kunne påverka meir
Hatt meir påverk­nad då
Og dess­utan
Eg vil ikkje bli assosiert

Alt ved meg:
Som du beund­rar:
Skul­dast eine og åleine
mine per­son­lege, kjønns­lause eigenskapar

Når eg luk­kast i det pri­vate nærings­li­vet
og har styre­plas­sar; viss eg så mykje som skulle ten­kja
At eg fekk desse job­bane
På grunn av
Noko anna
Enn mine eigne per­son­lege eigen­ska­par,
For­står du?

Eg vil vera fri, heilt fri, og då vil eg ikkje ha kasta etter meg desse skrø­pe­lege
søstrene

Eg ligg best under press. Eg har lagt meg her. Då kjem det beste i meg fram. Det blen­kjer i bladet og då kjen­ner eg at hjar­tet hop­par, eg blir glad. Eg ligg under kni­ven; det er her eg vil ligga og det er mitt val. Det er mi hud. Det må då for hei­dun­rande fleske­megge vera mitt eige val kva eg vil bruka pen­gane mine på. Eg ten­kjer, eg er inter­es­sert i utvik­ling, i pros­sess, eg er ei levande kvinne med inter­esse for fri­dom
og utvik­ling
Difor ligg eg her
Eg er i jobb
Det er ikkje slik at eg ikkje job­bar, sjølv om eg er rik
Tvert om
Eg er rik fordi eg jobbar

Eg vil ikkje setjast i bås

Fint nok med røyste­rett og raude strøm­per
Men

Eg er ambi­siøs. Eg er kan­skje ambi­siøs, men det er ikkje fordi eg er kvinne. Eg er opp­te­ken av indi­vi­du­ell fri­dom. Alle desse kvin­nene som tyk­kjer kvar­da­gen blir for hek­tisk
Dei burde også få fri­dom
Til å gå heim

Kven er det eg sak­nar
Eg er full av sakn
Men eg veit ikkje kven eg leng­tar etter

 
ETIKK­BU­TIK­KEN #1: Hovmod

 

DEI
Kan eg hjelpa?

EG
Eg berre kikkar

DEI
Ver så god

/

DEI
Berre sei viss du lurer på noko

EG
Takk

/

DEI
Ser du etter noko spesielt?

EG
Meir gene­relt
Eg ser etter eit haldepunkt

DEI
Der har vi mange

EG
Å ja?

DEI
Vi har kropps­lege halde­punkt, at du finn ditt senter

EG
Å ja –

DEI
Du byr­jar med din eigen kjernemuskulatur

EG
Kva meir?

DEI
Du har nyre­li­giø­si­tet
Eller klas­sisk fascisme
Fascisme kjem meir og meir
Fleire og fleire ser det vakre
i det sterke,
Lik­som urkraft og forplantningsdrift

EG
Ja ha

DEI
Med ein touch av vald – du veit, for å få bort slagget

/

DEI
Mange drøy­mer om det før­mo­derne
No når det digi­tale eksploderer

 

/

DEI
Noko du vil prøva?

 

EG
Eg var på fest

DEI
Å?

EG
Min eigen

DEI
Men så flott

EG
Nyttår

DEI
Klart

EG
Dei same som i fjor
Eg ser på det som ein slags pool

DEI
Ein pool – ?

EG
At vi blir eit sam­funn
Vi snak­kar og blir lik­som del
i kvar­and­res liv, for­står du

DEI
Ja ha

EG
Og dis­ku­te­rer
Tida som går – og kjem
Difor eg har fest

DEI
Ja, eg skulle til å spørja –  !

EG
Ikkje på grunn av maten

DEI
Nei

EG
Eg byg­ger ikkje meg sjølv gjen­nom mat

/

EG
Eg prø­ver å reisa nokre spørsmål

DEI
Vel­dig bra

EG
Men i det siste har eg byrja å bekymra meg
for mitt eige hovmod

/

DEI
Er du ikkje berre sjenert?

EG
Mogleg –

DEI
Der kan vi finna ei løysing

EG
Eg vil vera annleis

DEI
Klart

EG
Men i det siste har eg byrja å bekymra meg
for mitt eige hovmod

/

DEI
Kan du vera litt meir konkret?

EG
Eg fell gjennom

DEI
Er du sikker?

EG
Eg er ikkje betre

DEI
Du kan ta feil?

EG
Eg er redd eg har rett

/

EG
Men eg er ikkje verre heller

DEI
Sjølv­sagt ikkje

EG
Eg prø­ver å peika på ting

DEI
Ting?

EG
Kva som fei­lar oss

DEI
Oss?
Kva i alle dagar skulle feila oss?

Vinter
IN AME­NAS

GIS­SEL #1
Eg er eit gis­sel
Eg har teke meg sjølv som gis­sel
Kva kan eg seia?

Ingen­ting
Eg er for­sik­tig
Seier ingen­ting, og spør ikkje

Eg har fått sym­pati med gis­sel­ta­ka­ren min

Eg har det godt; likar livet slik eg kjen­ner det
Eg vil ikkje len­ger ut
Eg trivst her

Du trivst også
Stil­ler ikkje spørs­mål;
i dag ten­kjer vi på dei som ikkje har det like godt

Det finst andre
gis­sel
andre sta­der
Andre
Som ikkje har det like godt

Og nokre av dei,
ten­kjer vi sær­leg på
I dag
Det er natur­leg; det er men­nes­ke­leg; det er del av kjær­leiks­evna eller flokk­instink­tet til men­nes­ket;
Vi tek vare på vår eigne

GIS­SEL #2
Du skal ikkje spørja kvi­for
Kvi­for vi har aksjar
på eit anna kontinent

Vi står midt i ein for­hand­lings­si­tua­sjon
Vi for­hand­lar ikkje
Det er ikkje tidspunktet

Ikkje no
Ikkje før
Ikkje seinare

Vi for­hand­lar ikkje
med kald­blo­dige djevlar

GIS­SEL #3
Det hand­lar om musi­ka­li­tet
Sit i ro
Du skal sitja
Sitja
Ikkje røra deg
Viss du tras­sar ordre så set du både deg og meg i fare

Ikkje seia noko, og viss du skal seia noko, så skal du seia: I dag går tan­kane mine først og fremst til dei som har det vondt. Og så nem­ner du nokon vi begge er glade i

Vinter
GIS­SEL #4

Ingen skal skremma oss til å stilla spørs­mål
Den som stil­ler spørsmål -

Ingen skal skremma oss
til å stilla spørs­mål

 

 

GIS­SEL #5

Dette smyk­ket
Eg har rundt hal­sen
Er laga av bom­ber
Det er ikkje far­leg
Så lenge eg sit i ro

 
VIN­TER

Fugl sit på rim

Fjør kjem ut av jakka

Dun­jakka let­tar, før ho landar

På grein

Vinter
KJÆR­LEI­KEN ER HOVMODIG

Jesus er så sterk i vissa om ein gud­dom­me­leg kjær­leik at han let seg spikra på ein kross. Han gjer det utan støtte eller opp­mo­ding frå men­neske. Han er open mot dei han møter, og nokre gon­ger græt han, og andre gon­ger blir han sint. Men når han kjem i tvil, ven­der han seg ikkje til men­neska, men til si eiga kjelde; til Gud.
Er det eit ideal for eit van­leg men­neske  å ha så stor integri­tet – ein så stor til­lit til san­ninga, kjær­lei­ken, det rette – at ein toler alt? Er det mog­leg – eller bra – for eit men­neske, å bli så full­kom­ment heil i sitt eige hjarte at ein ikkje treng andre len­ger? At ein ikkje kan bli såra,  eller bukka under i tvil og angst?

JESUS­SYN­DRO­MET

Ein annan ting.
Eg lurer på om eit så sterkt men­neske som Jesus er nokon eg kunne lika. Ville eg ikkje bli mis­tenk­sam? Eg trur det. Eg ville først blitt inter­es­sert, men så ville eg for­søkt å snakka om min eigen inn­gang til ande­lege tema, mine eigne til­bake­lagte kri­ser; om bøker eg har lese. Eg ville ønska at dette men­nes­ket skulle dela lik­nande erfa­rin­gar og dis­ku­tera ope, som ein like­ver­dig.
Men Jesus opp­trer ikkje som like­ver­dig.
Jesus er suve­ren – og eg ville fått problem.

Må ein så integri­tets­full per­son gjera seg til, og lata som at han er mindre enn han er, for at eg skal tola han?

BOLLE

Det som gjer Jesus endå meir for­vir­rande er at han like­vel er sår­bar. Han ligg nyfødd i ei krybbe. Han heng døy­ande på ein kross. Han kne­ler i angst i Get­se­mane. Han er eit men­neske; han er fak­tisk det; Guds son eller ikkje.
Det er vans­ke­leg å tru på ein Gud som ikkje viser seg. Men det er endå vans­ke­le­gare å tru på Gud når han viser seg. Eg trur at viss eg hadde møtt Jesus på gata i dag, så ville eg tenkt: du pre­ten­siøse, sjølv­gode gal­ning. Viss Gud finst, kvi­for viser han seg ikkje? Viss du er men­neske­so­nen, kvi­for gjer du ikkje teikn? Og viss Jesus hadde svara: Men sjå, eg gjer teikn på teikn på teikn! – då ville eg natur­leg­vis ikkje tenkt på døds­straff. Eg har då visse ver­diar. Men eg ville sik­kert tenkt: gå og ta deg ein bolle.

 

 

Lukas 17, 20-21
Når Guds rike kjem
20 Ein gong spurde fari­sea­rane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. 21 Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.»

Vinter
VIN­TER på Youngs­tor­get 19. februar

 

Første stunt i scene­de­len av Fem års­ti­der var ein tea­ter­in­stal­la­sjon på Youngs­tor­get i Oslo,
basert på teks­tane under års­tida vin­ter.

Foto og slide­show: Erlend Berge

 

 

 

Vinter
EG LENG­TAR ETTER VÅR

 

Eg vil vera mild!
Eg vil det
Men då må du mjukna først

 

 

Vi er som to els­ka­rar, du og eg
som aldri kjem nær

 

 

Kina
Så kald og fjern
Kan du ikkje vera slik som meg

 

 

 

 

 

 

(no når vi går inn i Slan­gens år)

Vinter

Gissel # 1 Vinter

 

VIN­TER av Knut Løvås.
Illust­ra­sjon til Fem årstider:VINTER, i  Klasse­kam­pen laur­dag 16. februar.
Teks­tane blir fram­førte på Youngs­tor­get kl 1730, 19. februar.

Vår
KJÆR­LEIKS­DIKT TIL KINA

Apro­pos vin­ter;
no som det snart skal smelta,
no som det snart må bli vår:

Du og eg

Vi for­står ting i ulikt tempo, du og eg
Nokon av oss for­står noko på eitt tids­punkt;
Andre på eit anna tids­punkt
Ja, det er kan­skje nokon av oss som ligg litt
fram­for
Og andre litt
etter
Det er berre slik eg opp­fat­tar det

Det har vel med den line­ære tids­for­stå­inga mi å gjera
At eg trur at
Eitt tids­punkt i tid kan ligga fram­for
Eit anna
Tidspunkt

Du ser sik­kert heilt ann­leis på ting
Kan­skje går alt i syk­lu­sar, for deg; kva veit eg
Rundt og rundt

Eg prø­ver å for­stå. Kven du er.
Dette feno­me­net om å ha grep, at ein trur ein kan ha grep, altså om tida, og asfal­ten, eg trur det, det er slik eg er:
at eg kan ha eit skik­ke­leg fast grep på vegen og mitt eige liv, sjølve saman­hen­gen, sjølv om det er  glatt
; at ein trur ein kan vera på eitt kon­kret punkt i flau­men av tid og så lik­som halda fast
At ein ei ganske lang stund kla­rer å halda fast sjølv om det finst kref­ter, at ein har grep eller prø­ver å ha grep, og visse ver­diar,  heilt fram til ein plut­se­leg er i flyt
I heilt fri flyt
Utan feste
Altså

 

 

 

Brev
Det vil eg skriva 
til deg
No som det snart må bli vår

Eller eit dikt!

 

Kina.

Kina, du under­lege, tedrik­kande skapnad

No, når safta har trekt seg til­bake, og djupt ned i røtene

Og lauv­ver­ket er borte

Då tek du deg ein kopp te

 

Vår
PRE­SI­DENT NED EIN SKRENT

Bøn frå ein Pre­si­dent i andre periode:

Til­gje.
Eller eg mei­ner, elsk meg.
Det er ikkje deg, det er meg.

Når eg køy­rer lan­det vårt
Utfor klippa
Så skal du vita

 

(eg vil vera klippa)

Vår
SØST­RENE MINE

 

EG
Kven marsjerer?

HAN
Du må vakna

EG
Herre­gud eg sovna

HAN
Det er søst­rene dine

EG
Søst­rene mine

HAN
Du sov
Eg prøvde å vek­kja deg

EG
Er det sant?
Har dei byrja marsjera?

HAN
Dei går så det drønnar

/

HAN
Tusen­tals
Dei går i tog
Dei seier: Like­stil­linga i mål. No krev vi barna tilbake

/

HAN
Ikkje sant? Ser du?

EG
Barna tilbake?

HAN
Det er nytt. Det er friskt. Dei er modige. Kvi­for går du ikkje ut

EG
Eg?

HAN
Kvi­for støt­tar du dei ikkje

EG
Eg støt­tar dei

HAN
Søst­rene dine

EG
Ja

HAN
Dei hevar stem­mene
Er det ikkje flott

EG
Jo

HAN
Ta parti
Gå og ta parti
Med søst­rene dine
Ver stolt!
Du er også glad i barn

EG
Gje deg

HAN
Eg tul­lar ikkje
Du for­te­ner ein fridag

EG
Eg vil bruka han på andre ting

HAN
Jo men det er det eg seier
Det dei seier er viktig

/

HAN
Dei vil ikkje bli dik­terte, lenger

/

HAN
Du sa du ikkje for­akta dei len­ger
Kvin­nene
Det var det du sa

EG
Det var sant

HAN
At du ende­leg inn­såg: at det var det du var
Kvinne
At du ikkje kunne halda fram
Med å for­akta
Alt du er
At det kan­skje ikkje var noko å frykta, å dis­tansera seg frå
Eller for­akta
At det kan­skje ikkje var stygt

EG
Det er ikkje stygt

HAN
Det er ikkje stygt!
Det er det eg har sagt!
Å vera kvinne er ikkje stygt.
Det er vakkert.

/

EG
Det eg sa var:
eg tok feil
Menn er ikkje betre
Eg har trudd menn var betre
Fri­are. Modi­gare. Ster­kare
At når eg ikkje har likt å bli kalla kvinne
Så er det fordi
Eg føre­trek­kjer menn

/

EG
Men no har eg opp­daga: menn er like ille

HAN
Du er for streng!

EG
Menn kla­gar like mykje
Menn føre­trek­kjer også at andre bestem­mer
Menn vil også ha det trongt

HAN
Sjå, søst­rene dine no
Dei vågar
Dei torer
Dei er modige
Dei seier ikkje det du har klandra dei for å seia
Dei seier det du har sagt!
Dei ropar ikkje len­ger på ret­tane sine
Og eg ten­kjer:
Eg ten­kjer på kvin­nene: At kan­skje også kvin­nene har kjent
Eit sakn
At noko har vore skeivt
At dei har kjent seg pressa inn
i noko dei ikkje kjenner

/

HAN
For­står du?

/

HAN
Kvi­for går du ikkje
Til søst­rene dine
Du er ein av dei!
Ver ein av dei!

EG
Eg likar meg med deg

HAN
Men eg for­svinn ikkje
Eg ven­tar
Kvi­for går du ikkje ut?

EG
Gå, du
Gå og støtt dei

HAN
Men eg er mann

/

HAN
Det blir vel­dig rart viss eg som mann
Mei­ner noko om livet
Til dykk kvinner

/

EG
Oss?

HAN
Som går og ropar at mor er best

EG
Kven ropar

HAN
Eg trur kvin­ner har kjent på eit sakn,
og har gjort det lenge

/

EG
Kva er det dei ropar, eigentleg

HAN
Dei ropar at dei er kvin­ner
Det må vera greitt
At kvin­ner er like bra

EG
Å

HAN
Kvi­for støt­tar du dei ikkje
Kvi­for så vans­ke­leg?
Er du ikkje einig

EG
Jo

HAN
Det er då ikkje noko gale i å vera kvinne?
Det er det dei ropar

/

EG
Kva med deg sjølv

HAN
Eg vil ditt beste

EG
Men kva med deg sjølv

HAN
Eg ten­kjer: det er natur­leg
Ein natur­leg reak­sjon
Eg, til dømes, ein mjuk mann
Moderne
Eg har blitt mjuk
Men
Eg kjen­ner det same
Noko har gått for langt

EG
Er det det eg kjenner?

HAN
Kvin­ner kjen­ner eit sakn

EG
Eit sakn?

HAN
Ja det trur eg kvin­ner kjenner

EG
Ikkje eg

HAN
Nei, men du er hel­ler ikkje vanleg

/

HAN
Du hatar kvin­ner
Du har sagt det sjølv!
Du har tulla med det, men du hatar kvin­ner
Du har gjort det
Eg veit det

EG
Eg har tulla

HAN
Nei

EG
Eg har slutta

HAN
Det er bra
Det er bra

/

HAN
Du skal ikkje hata kvinner

EG
Eg har berre mar­kert litt avstand
til sytande feministar

HAN
Det er bra.

EG
Eg hatar ikkje kvinner

HAN
Nei, for du er kvinne
Litt dumt å hata det du sjølv er

/

HAN
Så. Skal du ta ein tur ut?
Kjenna sam­hal­det?
Det som bind dykk saman?

EG
Kva då?

HAN
Det veit vel du
Det må du vita

EG
Nei
Eg veit ikkje

HAN
At det er fint å vera kvinne
At det er lov
At det må vera slutt på at det ikkje er lov.

/

HAN
Eg likar kvin­ner. Det er difor du ikkje vil vera ein av dei
Du vil ikkje bli sett i ei gruppe der du kjem til kort

/

EG
Du er hissig

HAN
Det er difor du hatar kvinner

/

HAN
Du vil vera mann

EG
Kanskje

HAN
Du er nes­ten mann

EG
Er det feil?

HAN
Men sann mine ord.
Du blir aldri mann.

/

HAN
Du blir aldri mann!

/

HAN
Eg seier det som det er.
Du blir aldri mann.

/

HAN
Du har dis­tan­sert deg
frå desse per­fek­sjons­sø­kande, usjølv­sten­dige, alt­for flinke jen­tene. Og no, når dei mar­sje­rer og ropar at dei ikkje len­ger vil.
Kvi­for slik forakt?

/

HAN
Du har eit uav­klart for­hold til ditt eige kjønn

EG
Nei

HAN
Femi­nis­tane har gjort oss til fien­dar
Vi må ikkje kjempa mot kvar­andre!
Vi må kjempa med kvar­andre!
Skal eg vera med ut?

/

HAN
Vi må ikkje kon­kur­rera
Ikkje kjempa for å bli like
Ikkje prøva å viska ut skil­na­dane som finst mel­lom oss , og som er vakre, og som eigent­leg er heile årsa­ken til at vi kjen­ner spenning

/

HAN
Vi kjen­ner jo spenning

/

HAN
Eg kjen­ner spening

/

HAN
Du kjen­ner vel spenning?

/

HAN
Du for­står kva eg meiner

/

HAN
Du er til­trekt
Du er kvinne
Viss du var mann ville eg ikkje bli tiltrekt

/

EG
Er det ein trussel

HAN
Det er eit faktum

EG
Er du redd?
Er du redd eg skal bli mann?

HAN
Nei altså

EG
Er det ein trussel

HAN
Du blir aldri mann –

EG
Men du kjen­ner deg trua

/

HAN
Du er krakilsk

/

HAN
Du er litt hysterisk

EG
Eg er ikkje hysterisk!

HAN
Du skal kjenna deg heime!
Blant søst­rene dine

EG
Eg vil ikkje

HAN
Du er kvinne

EG
Eg vil ikkje!

HAN
Men det er vakkert

EG
Nei!

HAN
Jo
Og du er vakker

EG
Det mei­ner du ikkje!

HAN
Du er vel­dig kvinneleg

EG
Du lyg!

HAN
Kvi­for kan du ikkje ta ein kom­pli­ment!
Du er pen
Du er dei­lig når pyn­tar deg

EG
Eg skal aldri pynta meg meir!

HAN
Kvi­for ikkje?!

EG
Det er ikkje difor vi er saman, fordi eg er fin!
Vi er saman fordi eg er smart!
Smart, frekk og morsom!

HAN
Og fin
Jo men fin også
Det har eg sagt

EG
Eg trur deg ikkje

HAN
Jo det er du fak­tisk
Men du kan vel pynta deg litt oftare?

EG
Kvifor?

HAN
Du for­te­ner det

EG
Er det det eg fortener?

HAN
Jo men herre­gud du må då få lova å vera vak­ker
Kvi­for trur du aldri på meg, når eg seier DU ER VAKKER?!?

/

HAN
Du er fak­tisk hys­te­risk kvar gong vi snak­kar om dette

EG
Du har sagt det sjølv
Eg ikkje er som andre kvinner.

HAN
Det var ein kom­pli­ment
Du er meir kvinne enn nokon
Kvi­for går du ikkje ut
Kvi­for aner­kjen­ner du dei ikkje
Søst­rene dine
Kvi­for er du
Så jæv­lig gniten

 

 
ETIKK­BU­TIK­KEN #2: HJAR­TET SOM KOMPASS

 

EG
Kan eg få ein takst?

DEI
På kva?

EG
Livet
På mitt gamle sys­tem
Om det er verdt noko

/

DEI
Tenkte du no med det same?

EG
Ja viss det er vits –
Kan­skje ingen vil ha slikt meir

DEI
La meg ta ein kikk

EG
Viss eg skal dømma etter mine nærmaste –

DEI
Døm­mer du ikkje litt hardt?

EG
Eg døm­mer for svakt!

DEI
Svakt?

EG
Eg torer ikkje len­ger!
Lik­som: ”Kven er eg til å dømma”

/

EG
Eg er så redd for å mora­li­sera, at den ein­aste eg torer å ta på kor­net, er meg sjølv!

/

EG
Og dess­utan er eg ikkje sik­ker, len­ger, på kva eg ikkje torer

DEI
Nei –

EG
Kvar går vegen
eg ikkje går

DEI
Fine spørsmål

EG
Eg prø­ver å ha ven­ner
Og fami­lie
Men eg spyr

/

DEI
Første steg er kroppsleg

EG
Kroppsleg?

DEI
Prøv og slapp av

EG
Kvifor?

DEI
Du kan ikkje gi noko til andre, utan næring sjølv.

EG
Det er akkurat! –

DEI
Ja –

EG
Akku­rat den måten å for­mu­lera seg

DEI
Kva mei­ner du

EG
”Alle hand­lin­gar kjem av eigainteresse”

DEI
Ja?

EG
”Alt i verda base­rer seg på eigainteresse”

DEI
Ja men det er sant –

EG
”Slik at ein ikkje kan snakka om moral”

DEI
Jo men dette stem­mer jo!
Kjær­leik og omtanke er berre omve­gar, gode og sanne omve­gar til di eiga sjel!

/

EG   Eg blir ver­ke­leg kvalm

/

DEI
Du skal ikkje dømma kjens­lene dine

EG
Eg likar ikkje folk meir
Eg for­ak­tar folk

DEI
Kjens­ler er ei kjelde til informasjon

EG
Kva anar du om mine kjensler

DEI
Ja – vi må lytta!
Hjar­tet ditt:
Kva ropar det på?

EG
Du vil ikkje høyra

DEI
Lytt

EG
Eg vil iall­fall ikkje

DEI
Du er eit kjær­leg og omsorgs­fullt men­neske, ikkje av plikt men av lyst!

/

DEI
Sjå meg i auga (grans­kar)
Finst ikkje noko dje­velsk i deg

EG
Men vi har nett­opp møttest?

DEI
Skam er inn­bilt styg­ge­dom frå då du var ned­tyngd av moral

EG
Nedtyngd?!

DEI
Eg er komen
for at du skal sjå i nåde til dine eigne behov
Du skal sjå deg sjølv i spe­ge­len og for­stå
Du er vak­ker
Alt du vil er vak­kert
Du er eit pro­dukt av di eiga forteljing

EG
Mi eiga forteljing?!

DEI
Høyr hjar­tet ropa!
Høyr hjar­tet kviskra!
om lengs­lane, drau­mane –  i mørk­ret
Kom fram

Vår
SMEL­TING

VÅR
Eg lyt­tar til smel­tinga,
Drope for drope
Men høy­rer ikkje

Langt borte
Svære flak som brotnar

Men her er stilt

 

SMEL­TING
Tenk
Eit ras
At det kan gå så stille

At alt kan smuldra
Og for­svinna
Utan lyd

 

EUROPA
Og her er eit anna dikt:
Jag vill leva i Europa.
Ja, altså ikkje på fast basis
Men kan­skje i feriane

(det er rått bil­lig der nede, no!)

 

 

VISS DET IKKJE ER ISEN SOM GÅR I OPP­LØY­SING
Kina.
Viss det ikkje er isen
som smel­tar
og skif­tar form

Kva er det då

Kina
Eg spør deg, nett­opp deg:
Ta det som ein kom­pli­ment:
Du har sik­kert gjort deg tan­kar
Alt ved deg er fra­mandt, men eg spør deg, for like­vel føler eg at vi to –
Vi skulle vera på lag

Vi har sik­kert mykje fel­les
Vi har teft
Når eg ser rundt meg så er det ikkje mange andre
eg kjen­ner meg lik
Eg ten­kjer at du –
Du er ein
eg kunne tenkt meg å bli betre kjend med

Eg har kan­skje vore barsk
Kan­skje inva­de­rande
I kjef­ten
Om ting som strengt tatt høy­rer heime
pri­vat
I ditt pri­vat­liv
Men hugs: det er min kul­tur, det er slik eg er, eg seier kva eg vil og er ikkje redd, men eg kan ha to tan­kar i hovu­det sam­ti­dig og eg vil ha sagt: Eg respek­te­rer deg.
Eg vil at vi skal vera like­ver­dige
Eg vil ikkje at du skal kjenna deg mindre

Difor spør eg deg, Kina, og ingen andre, det er nett­opp deg eg har lyst å spøjra:

 

Kina
Viss det ikkje er isen
Som renn
Kva er det då

Kva er det som smel­tar og for­and­rar seg
slik at alt blir til noko anna og ikkje len­ger er
til å kjenna att

Er det kar­bon
Er det fly­tande kar­bon
som renn og renn?

Eg trudde ikkje kar­bon kunne flyta.

Eg les at du, Kina: ver­das største land, eit sværa land som er digert og skite og med ein kul­tur eg berre anar
Kon­tu­rane av
Eit land: digert og gråstenkt. av kar­bon, grått av skit, svart av tåke, slik at både fint­folk og fat­tig­folk går med maske midt på dagen:
som eit enormt og brotna isfjell dri­vande rett vest, er du ikkje? (det er slik eg ser deg) eg les at du:

berre plut­se­leg
har gått hen
Og inn­ført skatt
på karbon!

Jøss

Ja ja

Vel­kom­men etter

Hei vent, vent på meg, høy­rer du ikkje!
eg prø­ver å seia deg noko, eg ropar etter deg
Du må høyra på meg, eg ligg i front
Eg prø­ver å seia noko
Ikkje så fort,
Vent

eg har noko på hjar­tet!
Eg seier: vent på meg,
høyr kva eg seier, eg ropar etter deg, eg seier:

Vel­kom­men etter

 

 
VÅR

Eg er beste­mora. Vin­te­ren breier seg i håret mitt, i fing­rane, i håpet. Rimet set seg i bryna mine, i tan­kane, for­mu­le­rin­gane. Orda kna­sar når eg seier dei, som å trakka i fast­frosne tus­tar frå i som­mar. Gå vidare, barn, seier eg. Det er din tur no. Eg var kan­skje ikkje per­fekt, men du må gå vidare. Slik prø­ver eg å gjera noko fint utav det stygge.

Vår
SISTE BØN FRÅ EIN ABDISERANDE

Kjære Gud all­mek­tige Far har du eit minutt
eg treng å snakka med deg
På tomanns­hand
Eg treng å skrifta, og kven skal eg skrifta til, om ikkje deg?

Eg er opp­ri­ven av tvil
Eg veit ikkje kva eg vil, eller kva du – kva du vil ha meg til
Eg for­står ikkje lenger

Eg var glad, den gon­gen, då eg sa ja, til å vera din tenar
Den fremste
At eg skulle få, ja – vera tals­rør, vidare­brin­gar, av ditt ord

Ordet

Av håp
At eg skulle få sjå ditt ord om håp, nåde og ny start til men­neska
Komma fram
Gjen­nom meg

Eg trudde vi hadde ei avtale
Ei pakt
Eg trudde at når eg stilte meg til dis­po­si­sjon
For deg
Så ville du stilla
deg
til dis­po­si­sjon
For meg

 

Men du har forsvunne

Kjære Gud i him­me­len til­gje at eg er så rett fram men eg lurer på kva du eigent­leg har tenkt

Når du i så liten grad hjel­per til, ikkje ein­gong rett­leier, og når men­neska skriv i avi­sene om skan­da­lar og at eg ikkje har lukkast

Kva er det du vil
Kva er då vitsen

Ja til­gje at eg spør

 

Mang ein annan leiar, det vil eg ha sagt, ville ikkje ha saum­fare seg sjølv så nøye
Vore så sjølv­kri­tisk, og kan­skje hel­ler ikkje stilt så mange direkte og ube­ha­ge­lege spørs­mål
Her inne
Både til seg sjølv
Og deg

Mangt eit anna men­neske, sett i høg posi­sjon, ville ha late seg blenda
Av seg sjølv, av glan­sen frå seg sjølv
Ville ha kjempa for å fylla posi­sjo­nen og si eiga utfyl­ling av posisjonen

Med mei­ning

Mangt eit anna men­neske med dei gåvene som skal til for å hamna i ein slik posi­sjon, ville ha fylt tom­rom­met
Mei­nings­tom­rom­met
Med seg sjølv
Dei ville funne mei­ning
Skapt mei­ning
Som dei trudde på sjølv
Så dei trudde det sjølv

Og så ville dei knapt merka
At du
Har teke fri

Far
Kvi­for har du for­late meg

Eg vil ikkje døy ein mei­nings­laus død i opp­høga tru på mi eiga betyd­ning
Vil ikkje eldast og sjukna som di høgre hand
Ei inn­tørka og rev­ma­tisk
Høgre hand

Når du ikkje len­ger
Er her

Gud
Du har for­late oss

Og Gud
Viss det skal vera på den måten

Så trur eg det er best at du finn nokon andre til å overta sta­fett­pin­nen: eg skal ikkje vera som ein makt­sjuk og have­sjuk tyrann
Som blir sitjande
Og sitjande
Når Gud er død

 

Vår
DEKA­DEN­SEN ER DELIKAT

 

BØN FRÅ PRE­SI­DENT NED EIN SKRENT

Eg vil vera Klippa!
Eg vil vera fast!
seier eg

Så når eg seier
Pass opp!
Elles rasar vi utfor!

Då håpar eg dei høyrer

 

 

STRA­TEGI FRÅ PRE­SI­DENT NED EIN SKRENT

Som ein snigel

Som i frik­sjon mel­lom under­lag og eige slim
Snig­lar nedover

 

 

RESIG­NA­SJON

Men dei for­står ikkje

Dei skjø­nar ikkje at eg åtva­rar, når eg for­mu­le­rer meg for­sik­tig for ikkje å verka nega­tivt på bør­sen
Dei skjø­nar ikkje, dei svarar:

Vi fryk­tar ikkje!
Vi har pen­gar i banken!

Med oss går det godt!

 

 

DEKA­DEN­SEN ER DELIKAT

Eg går frå deli­ka­tesse til deli­ka­tesse – har teke meg ein etter­mid­dags­tur for å friska opp tan­ken. Tanke­verk­semda. Eg går gjen­nom  den halv­nye mathal­len i byen min, råva­rer og friske urter, det kan minna om mid­del­al­de­ren og ei tid då folk hadde nær­leik: til mold, hav, røter. Pro­duk­sjons­midla og alt som bind oss saman, men så ser eg pris­lap­pen og kjem til meg sjølv. Det er lek­kert. Så inn­pakka og for­seg­gjort, og eg ten­kjer: Deka­den­sen er ikkje stygg. Deka­den­sen er delikat.

 

 

EG ER INGEN DIKTATOR

Verda står i brann, men det er kose­leg,
eg kokar kaffi på bålet

Vår
DU ER SOM EI KVINNE SOM IKKJE FORSTÅR

 

Du er som ei kvinne som eg har kjempa for,
i hundre år,
Og når vi ende­leg er komne i mål,
Eller ikkje i mål,
Men nærare

Her vi er no:
Det er klart, mykje som står igjen

Men det fak­tu­met at mange kvin­ner trur
Og ten­kjer vi er i mål
Eller nærare
Det får ein til å tenkja

Eg ten­kjer: Du har ikkje for­stått
nokon ting
Dei får seg til å seia:
Vi har luk­kast
Vi er komne i mål
Vi er så like­stilte som vi kan bli
Eller dei seier:
Vi vil ikkje len­ger
Vil ikkje meir
Var det dette beste­mød­rene våre kjempa for
Eg kan ikkje tru at det var dette beste­mød­rene våre kjempa for

For­står du, Kina?
Du er slik
som ei kvinne
Ei slik reak­sjo­nær kvinne – eg skal ikkje seia dum,
men stri – du er som ei kvinne
Som seier: Nei,
For eg er noko anna enn deg

No er tida komen for å venda til­bake
til barna våre
For­står du
For­står du ikkje,
at du ikkje for­står
Kina
Kva du snak­kar om
Kina
Tenk deg om

du er ikkje fri
Du er under­trykt
Du er ikkje luk­ke­leg
Til­bake til barna dine, seier du, lik­som: at det ikkje var dette beste­mød­rene kjempa for, seier du, du lyg så du trur det sjølv, men eg skal seia det, at mødre har aldri vore så luk­ke­lege som no, aldri så mykje saman med barna sine som no

For­står du det, Kina
Tek du bile­tet
Eg snak­kar i bilete

 

Vår
UHYR­LEGE RETO­RISKE VERKEMIDDEL

DOM­MA­REN:
Eg skul­dar deg for følgjande:

For å ha utvist upas­sande inter­esse
for naboen din sin nytt­års­fest, og for å ha luska rundt
I hagen utan grunn

For å ha snoka i kven som kom
For­søkt å skaffa infor­ma­sjon gjen­nom spørs­mål som ”kor­leis går det”
og liknande

For å har ringt ven­ner og ikkje- ven­ner av naboen og også ikkje-gjester av naboen og for å ha grafsa; etter infor­ma­sjon om naboen, men også for å ha spreidd rykte
eller i alle fall uro
det var iall­fall slik det vart opp­fatta
ein kunne jo ikkje for­stå kvi­for du måtte bry deg så jæv­lig
Eg skul­dar deg for følgjande:

For på insi­nue­rande og ube­ha­ge­leg vis, å ha late det skina gjen­nom at du sjølv kunne tenkt deg å vera der,
og på den måten påført naboen og gjes­ter av naboen dei poten­si­elle kva­lane ved å seia nei

For ikkje å ha for­stått eller tatt inn­over deg, eller: for full­sten­dig å ha igno­rert
det fak­tu­met
at ingen ønska noko med deg å gjera
Du burde iall­fall ha lagt dette til grunn, etter­som smila dine i liten grad vart gjen­gjeldt, og iall­fall aldri utover det som nor­mal høf­leg­heit tilseier

Du skulle ha teke hin­tet
når du ikkje vart invi­tert inn
Eg skul­dar deg for føl­gjande:
for på upas­sande vis å ha kasta lange blikk, både inn gjen­nom vin­dauge
og døropning

For å ha spelt høg musikk

Er det rart, når du vart avvist,  og etter å ha opp­ført deg så lite til­pas­nings­ori­en­tert, er det rart naboen din byrja å stilla spørs­mål?
Og dis­ku­tera med gjestene?

Du opp­førte deg som ein stal­ker. Først ved å ha synt inter­esse, men sidan, etter å ha blitt avvist, ved å ha blitt stå­ande i ein krok av hagen, som nes­ten for å visa fram og demon­strera eigne nega­tive kjensler

Du måtte ha for­stått at dette verka tru­ande;
Endå det seier seg sjølv at du ikkje kunne sjå inn,
gar­di­nene vart nem­leg trekte for

Men der­med desto meir absurd
at du berre stod der
og såg

Fram­for deg
Eg skul­dar deg for følgjande:

For gjen­tekne gon­ger å ha ringt på og ønska godt nytt år
Og så, når det lakka mot mid­natt og de møt­test ute på gata, for å ha byrja å snakka om raket­tar. Om opp­sky­ting, tryg­gings­til­tak og grense­opp­teik­nin­gar
mel­lom naboen og deg sjølv,
og for å ha bygd gjerde, som lik­som for å demon­strera at du var utan­for, på eit tem­me­leg inva­de­rande og pro­vo­se­rande vis
som kunne opp­fat­tast krenkande

For å ha snikra opp noko skram­mel som ikkje kunne for­stå­aast som anna enn eit for­svars­verk
Av låg kva­li­tet
Eit slags halv­mi­li­tært fugle­skrem­sel
Eller ei rampe
Eller kva var det eigent­leg? Ein veranda? Kva er det slags vond­skap som driv deg?

Ikkje berre kinap­ut­tar
Men all­slags fyr­ver­keri
For ikkje å snakka om den aggres­sive retorikken

Som vi rettnok ikkje tek alvorleg

I det heile tatt
Du har spreidd uhygge
På ein kveld som var meint å vera fin

Er det rart at naboen din etter­kvart såg etter måtar å vera føre var. Det ikkje kan sjå­ast som anna enn inn­ly­sande at naboen såg seg nøydd til å gå til det skrit­tet dei gjorde
Og at dei gjorde det,
Med øns­ket om å iva­reta eigen trygg­leik,
Men også med øns­ket om vera etisk anstendige:

At dei såg seg nøydde til å gå ned i kjel­la­ren og finna fram for­fe­drane sine ned­låste jakt­vå­pen, og gå til det ube­ha­ge­lege ste­get å prøva å fjerna og eli­mi­nera den trus­se­len som dei trass alt fak­tisk trudde og opp­levde at du utgjorde,

Og sjølv etter at dei ikkje luk­kast i å drepa deg, dessverre,

Så gav du deg ikkje, men du har i fort­set­jinga tydd til heilt uhyr­lege reto­riske verke­mid­del,
som rettnok ingen tek alvor­leg, hel­ler ikkje no, men som like­vel er heilt utan­for det aksep­table, og som – viss vi skulle teke deg på alvor – ville vore nok til å jamna både deg og heile slekta di med jorda. Med napalm. Plu­to­nium eller noko.

Kva som helst

Naboen din er trass alt eit heder­leg, etisk og skik­ke­leg menneske –

Kort sagt

Du er skuldig.

 

NABOEN:
Eg for­står, dyk­kar Vyrde, og eg ved­tek dom­men.  Eg er lei for at eg er stygg og ekkel.  Eg tak­kar for at du vil gje meg ein human ret­tar­gang. Eg skal abso­lutt gjera det eg kan for å betala og kom­pensera for dei tapa naboen har blitt påført. Eg gjer så godt eg kan, men for­står at det ikkje held. Eg veit ikkje om eg nokon gong vil få inn­te­nings­evne til å erstatta noko av det eg er pålagt, men eg kan lova at eg skal gjera mitt beste, det lovar eg ver­ke­leg: kors på hal­sen, mor og far i døden.

DOM­MA­REN:
Bra.

NABOEN:
I til­legg så vil eg seia at eg beund­rar rett­sys­te­met ditt, som eg no har for­stått vik­tig­heita av. Eg for­står at berre slik kan men­neske som meg sjølv bli del av ein sam­funns­mes­sig heilskap

DOM­MA­REN:
Ja

NABOEN:
… som gjer at alle er sikra ei viss rett­ferd, og slik at ingen treng å ty til for­hasta hand­lin­gar eller dum­ska­par, men at ein i sta­den kan kon­sen­trera seg om å leva, læra og vera skikkeleg

DOM­MA­REN:
Bra.

NABOEN:
Sjølv­sagt er det bra!
Det er jo det eg seier
Eg ønskjer å ta del

DOM­MA­REN:
Kva mei­ner du

NABOEN:
Eg ønskjer  å vera eit heder­leg, etisk og skik­ke­leg menneske

DOM­MA­REN:
Bra

NABOEN:
Og ta del.

DOM­MA­REN:
Kva mei­ner du?

NABOEN:
Eg vil ta del

DOM­MA­REN:
Men det får du ikkje. Det har du fått beskjed om. Vi har gått gjen­nom rekn­skapa. Vi tener ikkje på det. Du er sik­kert, altså på botn, ein heder­leg, etisk og skik­ke­leg per­son, men det kan ikkje telja. Vi må sjå heil­ska­pen.
For­står du ikkje det, då
For­stå det då
Ver snill
Prøv og for­stå
Det er ikkje deg
Men denne nytt­års­fes­ten har fak­tisk vore ein tra­di­sjon
Du for­står vel
Vi er ein ti-femten per­sonar her som  prø­ver å ta vare på nokre tra­di­sjo­nar, nokre ver­diar, vi prø­ver å ta vare på det vi har, som ein liten, heder­leg, etisk og skik­ke­leg gjeng, som har nokre tra­di­sjo­nar og fel­les his­to­rier og nokre ver­diar å ta vare på, det finst vel andre fes­tar du kan gå på.

Ver så snill.

Kan det vera så vans­ke­leg å forstå?

 

 

 

 

 

 

 

 

 
ETIKK­BU­TIK­KEN #3: RELIGION

 

DEI
Har du vur­dert religion?

EG
Kva mei­ner du

DEI
Slik at du kan effek­tuera, utan skam
Alt hjar­tet ditt ber om

/

EG
Effektuera?

DEI
Iverk­se­tja. Gjen­nom­føra. Fullbyrda.

EG
Eg er skep­tisk til sjølv­er­klærte autoritetar

DEI
Ikkje ein auto­ri­tet
Men ein tenar!

/

DEI
Viss alt du vil
Er av det gode
At du har fått ei inn­sikt
og funne ein skatt:
som berre du,
og berre i kjær­lei­kens namn,
Vil gje til andre –
Er det hovmodig?

/

DEI
Alt du vil er kjær­leik!
Du er glupsk etter kjær­leik!
Hjar­tet begjæ­rer alt godt!

EG
Er du sikker?

/

 

DEI
Kvi­for sabo­tera med tvil

/

DEI
Sjølv­ran­sa­king kler deg ikkje
Jesus dreiv aldri med det

EG
Jesus?

DEI
Som eksem­pel.  Jesus er så sterk i vissa at han let seg kross­festa. Han gjer det utan støtte eller opp­mo­ding frå men­neske. Han har kjens­ler;  for han er open og nokre gon­ger græt han, og andre gon­ger blir han sint. Men når han kjem i tvil, ven­der han seg ikkje til men­neske, men til Gud.

EG
Og det er bra?

DEI
Då snak­kar vi integritet!

EG
Ok.

DEI
Skal ein klok og integri­tets­full per­son måtta lata som at han er mindre enn han er, for at vi skal tola han?

/

EG
Så det er eit ideal å kunna heva seg over andre sine meiningar?

DEI
Så lenge det er tufta på kjærleik?

EG
Å ikkje trenga støtte frå nokon len­ger … Å bli så full­kom­ment heil i trua på det rette, på lat oss seia kjær­lei­ken, at ein ikkje len­ger kan bli såra eller bukka under i angst?

DEI
Du kan deponera.

/

EG
Uan­sett
Eg er ikkje Jesus

DEI
Unnskyld?

EG
Eg er ikkje Jesus, sa eg

DEI
Kva er det slags ting å seia?

EG
Ja men eg er ikkje det!
Det var du som –

/

EG
Du får meg til å fram­stå som hovmodig!

 

Vår
SKRED­FARE

1

Kan vi gå inn her, trur du?
Vi kan vel det
Du som er matematikar:

Kor stort er sann­sy­net for eit skred?
Her?
Her, ja
Når det alle­reie har gått så mange

Nei altså.
Eg er berre mate­ma­ti­kar
Mate­ma­tikk er ikkje eksakt
Kva var det eg skulle ha sagt:
Eg kan berre seia kva eg trur

Så kva trur du
Kan vi gå inn her

Det er klart faren er stor
Det er difor dei mel­der det i avi­sene,
at folk utan kunn­skap ikkje skal ta 
unø­dige sjan­sar
Ja
Ja
Ja

Men som mate­ma­ti­kar
Og som erfa­ren fjell­mann,
Viss du spør kva eg trur:

Ja?
Nei
Eg trur faren er overdriven

 

2

Skred, ei så stille buld­ring
Det er vakkert

Eit slikt skred kan vera langt­kome, og endå så legg du kan­skje ikkje merke til det, fordi lyden er låg, og utsik­ten vak­ker: 
fordi alt du ville merka viss du var merk­sam, var ei stille stille stille stille

Nes­ten umer­ke­leg
buld­ring
I bakken

 

3

JOUR­NA­LIS­TEN: Sei meg, er vi inne i ei ny jappe­tid, eller er vi kan­skje endå meir øydsle enn sist?

EKS­PER­TEN: Det trur eg ikkje. Denne gon­gen har vi teke varsla på alvor. Dette er inga jappe­tid, for vel­stan­den vil ikkje gå over

Vår
VÅR­LØY­SING (eller freds­mek­ling med Mrs K)

EG
Eg trur det vi treng er ei løysing

/

EG
Då kjem ting til å løsna
Vi to er jo
Heldt på å seia – likeverdige

/

MRS K
Det er vi ikkje

EG
Nei nei
Ikkje reelt
Men vi er to

/

EG
Det gjeld å for­stå
Gra­set er ikkje grønare

/

EG
Lik­som viss du er sau, og lei­tar etter det grø­naste, saf­ti­gaste gra­set, og så står du lik­som her og ser over til andre sida, viss det går eit gjerde

MRS K
Eg kjen­ner biletet

EG
Takk for at du vart med

/

EG
Ikkje mis­for­stå
Du har ikkje mista ansikt
Du har fått

/

EG
Eg er ei gåve, og du
at vi skal sjå kvar­andre slik:

/

EG
Eg kan ikkje mista håpet
Om at det vil smelta mel­lom oss

/

EG
Du er den ver­bale, med din bak­grunn, di his­to­rie, din kul­tur
Du kjem frå ein aris­to­kra­tisk fami­lie
Eg har ein annan stil

/

EG
Ho er vel­dig taus

HO
Eg ser det

/

HO
Kan du prøva å sjå det frå hen­nar side?

EG
Eg prøver!

/

HO
Kan det vera at alt går i syk­lu­sar, sjølv om du ten­kjer lineært

EG
Nokre ver­diar kan jen­kast på; andre er ukrenkelege

HO
Ser du, Mrs. K
Han er fortvila

MRS K
Fortvila

EG
Der har vi det! For­tvila. Ho seier ingen­ting, og når ho seier noko, så gjen­tek ho berre det eg seier

/

EG
Det er det her som er mest alvor­leg
Kom­mu­ni­ka­sjon er eit vil­kår for meg

/

EG
Det er på fjerde året

MRS K
Du overdriv

EG  (til HO)
Ser du ikkje?
Ser du kor vans­ke­leg det er å samtala?

/

HO
Anar du noko om grunnen?

EG
Nei

/

HO
Abso­lutt ingen ide?
Har du spurt kvi­for ho ikkje seier noko, har du spurt: Kvi­for seier du aldri noko?

EG
Ho sva­rar ikkje

HO
Jøs­ses
Noko slikt har eg aldri vore borti

/

EG
Ho seier eg prø­ver å kolo­nia­li­sera ho, altså moralsk. Moralsk kolo­nia­li­se­ring – at eg prø­ver på det, og så ler ho, ho seier: mygg kan ikkje herska over drage.
Men eg mei­ner det blir for kategorisk.

/

HO
Mrs K, eg lurer på ein ting
Kvi­for har du slutta å snakka til man­nen din

EG
Det er ikkje berre til meg!

MRS K
Det er berre han

EG
Løgn

HO
Ho seier det berre er deg

EG
Men eg må ha visse vil­kår.
I botn

/

HO
Mrs K
Eg er ikkje man­nen din
Kvi­for snak­kar du ikkje med han

MRS K
Lat meg for­telja ei legende:
Ei gras­hoppe sat på eit strå og spelte på beina sine. Lyden av gnik­kinga spreidde seg gjen­nom sko­gen som ein vind. Eit ekorn hoppa frå ei grein, men bomma og landa i ei tue.

HO
Ja?

MRS K
Beina er til for å synga.

/

EG
Tåke lærer blindt barn å tolka.

/

EG
Det er mitt bilete
Skal mine bilete vera dår­le­gare?
Er det fordi eg er mann, lik­som med mindre poe­tisk kapital?

/

HO
Er det kan­skje betre å gå, då
Å gå frå kvarandre

EG
Tan­ken har slått meg
Herre­gud
Det finst auge­blin­kar, vakre auge­blin­kar, då eg ten­kjer vi er skapte for kvarandre.

MRS K
Skal vi halda på og slåst til vi drep kvarandre?

EG
Kva?
Er de to på lag?
Ja men
Herre­gud
Vi treng kvar­andre!
Vi er avhen­gige av kvar­andre!
Kva ten­kjer du på,
De må då begge for­stå at Mrs K og eg: vi to er full­sten­dig inn­vovne i kvarandre!

/

MRS K
Var ikkje fes­ten fin

EG
Festen

MRS K
På nyttårsaftan

/

EG
Naboen øydela alt
Raket­tar i tide og utide

MRS K
Han har sans for eit godt lysshow

/

EG  ( for­tru­leg, ei god stund sei­nare:)
Det var dro­pen. Vi kom til eit skilje. Eg høyrde kva ho sa, at grun­nen til at ho ikkje ville snakka var at eg feil­tolka, all­tid, og nær­mast med vilje, eller inva­derte; at eg tilla ho bod­skap i legen­dene som ho ikkje kjende seg att i, som om legen­dene skulle vera vik­tige nok til å legga alt i rui­nar. Fest? Fy faen.  Berre at ho kunne seia noko slikt! Og eg er ærleg talt ikkje len­ger sik­ker på kvar eg har ho, ikkje på nokon måte, og hel­ler ikkje i for­hold til han galne og heilt ukon­trol­ler­bare vesle naboen. Det er noko gale med til­li­ten hen­nar, altså HEN­NAR: at ho ikkje sto­lar på meg. Det var slik eg kjende det, og det gjer meg uro­leg, og det var her­ifrå ideen sprang. Eg kjende det som at eg måtte, berre måtte ha klår­skap – tvi­len var uut­hal­de­leg. Så det var då eg tok avgjerda: eg gjekk til ein spion. Eg fann ein pro­fe­sjo­nell spion. Ikkje ein natur­leg ting, men avog­til er det una­tur­lege natur­leg, og nød­ven­dig, og så fann eg til slutt ut at eg kunne ta ein prat med den elsk­ver­dige dama som like­vel hadde gjeve meg kor­tet sitt – det kunne ikkje skada. Det var ikkje plan­lagt. Ho var sjar­me­rande. Ho hadde eit umid­del­bart vesen – eg som har vore mus­kel­spent i  åre­vis. Hand­tryk­ket: fast men mjukt. Pas­se­leg. Varmt. Eg kjende meg trygg i sofaen, og det vart til at eg for­talde mykje meir enn plan­lagt – utan å angra. Det er eit pri­vi­le­gium. Når ein møter slike. Umid­del­bar gjen­klang. Sjølv om ho er pro­fe­sjo­nell; ho er pen. Dis­kret – for alt eg veit kan ho vera gift, kan­skje med nokon eg kjen­ner, men ho sa ikkje noko som avslørte ho. Like­vel kjen­nest det som at eg kan tru på ho. Mykje meir enn den tåpe­lege over­be­talte mek­la­ren som eg og Mrs K heilt fånyt­tes gjekk til. Ho synte meg sisu. Ho ser­verte sushi. Vi sat og opp­levde noko skrem­mande men godt: vi gjekk uta­nom. Uta­nom fak­tene. Vi gjekk rett på. Vi sat der som to men­neske som ikkje var fra­mande. Ikkje for noko. Vi var klare for kva som helst. Vi var direkte om kva som var pro­ble­met, kva som var løy­singa og kva som måtte gjerast.

Ama­rone, som ho hei­ter, sa som tru­leg sant er, at det finst bil­le­gare spio­nar, som kan­skje fore­slår bil­li­gare løy­sin­gar, og som bru­kar lengre tid. Ho sa ho inn­rømte at hen­nar løy­sing er kon­tant. Kan­skje vald­sam, kan­skje brå: men lang­sik­tig. Ende­leg. Du får det du beta­lar for, sa Ama­rone. Det er klart det veg tungt. Det vik­ti­gaste når du skal velja spion, er til­lit, seier Ama­rone. Og eg er einig. Det er til­lit det hand­lar om. Når du skal gå saman med nokon, i kamp for alt du har kjært.

Vår

Vår

 

VÅR av Knut Løvås.
Illust­ra­sjon til Fem årstider:VÅR, i  Klasse­kam­pen laur­dag 20. april.
Teks­tane vart viste i ein tea­ter­in­stal­la­sjon i Bota­nisk hage i Oslo, 22. april

Neste vis­ning er i juni – tid og stad blir annonsert.

 

Vår
VÅR i Bota­nisk hage 22. april

 

Andre instal­la­sjon i tea­ter­de­len av Fem års­ti­der gjekk føre seg i Bota­nisk hage i Oslo,

22. april kl 1630,

og var basert på teks­tane under års­tida vår.

 

Foto og slide­show: Erlend Berge

Sommar
SCAN­DI­NA­VIAN STAR

Eit skip som ikkje kan søkka
Ein båt som ikkje kan brenna
Eit land som ikkje går dukken

Ein heilt spe­si­ell til­lit
mel­lom makt­folk og folke­makt,
som ikkje kan øyde­leg­gast
Om alt er ruin

Ei heilt spe­si­ell folke­sjel
Som vi leng­tar etter
Men knapt forstår

Det er fan­tas­tisk:
Eg er fødd under ei stjerne

Sommar
PARA­NOID BEREDSKAP

 

Kva driv dei med, dei med makt i dette lan­det?
Dei med makt let lan­det gå for kaldt vatn. Alle dei vakre sidene
ved dette lan­det er i ferd med å
forsvinna

Nokon burde for­stått
At ein gal­ning gjekk laus den som­mar­da­gen,
og at det ikkje skulle vore lov
å køyra bil heilt inntil – !

Nokon burde ha sett
At skred kunne gå, og ja visst vart folk varsla,
men nokon
burde
ha ant
at folk ikkje tek varsla på alvor

Nokon
burde ha stoppa utlendingane–

Og apro­pos utlen­din­gar:
Kan vi stola på utlen­din­gane, når vi plas­se­rer mil­li­ar­dar i deira for­ret­nin­gar, deira pro­sjekt; heilt opent, heilt til­lits­ba­sert; heilt ube­skytta mot even­tu­elle ban­dit­tar eller ned­tu­rar som dess­verre ikkje er hundre pro­sent uten­kje­lege når utlen­din­gane even­tu­elt køy­rer sam­funna sine i grøfta
Har vi tenkt på det?
Kor­leis står det til med bered­ska­pen? Trygg­lei­ken her i landet?

Nokon føl­gjer vel med?
Er det nokon som føl­gjer med?

At djev­lane tenkte på å beleira nett­opp vårt anlegg
der nede
Var det så vans­ke­leg
å føre­stilla seg?
Er det ingen som ser den slags på førehand?

Nokon burde for­stått
At det der med fel­les valuta

Og at U-hjelp ikkje hjelper;

Og at med den våpen­lov­gje­vinga dei har der borte, så er det berre eit spørs­mål om tid
Før ein eller annan ny
islamist

Vi har sett det før. At med all den over­do­se­ringa av anti­bio­tika
var vi hel­dige
som slapp unna
influ­en­saen
Og vak­si­nene som rotna på rot:

Kva skjedde med fat­tig­dom­men?
Sjuke­heims­plas­sane?
Kva med sjukehuskøane?

Av og til mel­der kjensla seg
Av at nokon ikkje tek ansvar

Tun­ne­len: for dår­leg sikra
Lasag­nen: full av hest
Nokon som sabo­te­rer og ikkje gjer job­ben sin; kan­skje med over­legg
igno­re­rer varsla om den store inn­vand­ringa;
slik at vel­ferds­sta­ten vår kra­kel­le­rer
på grunn av polak­kar som kjem og job­bar
så hardt at gode nord­menn må på trygd

Og kva med eldre­bølga?
Når utlen­din­gane ikkje vil stella oss lenger?

Nokon burde for­talt, og det litt tyde­le­gare, at det er far­leg å køyra fort
i fylla
eller å plukka sopp
Utan kunn­skap
At det er far­leg
med flått
Kvi­for har ingen for­talt meg?

Ja visst kjem det var­sel, men er det nokon som lyt­tar? Nokon som tek det alvor­leg, som ver­ke­leg seier frå og vars­lar om at dette var­se­let må lyt­tast til?

 

Poli­ti­ka­rane
Dei er berre opp­hengte i detal­jar
Spring og spring
Berre for å bli likte

Seier ikkje:Dette var­se­let er alvor­leg:
Eg blir upo­pu­lær, men gjer det likevel!”

Dei berre jab­bar og jab­bar om ein masse opp­kon­stru­erte ting
Klima­end­rin­gar og mog­lege ned­gangs­ti­der og dommedagsprofetiar;

I sta­den for å vera opp­tekne av å gje oss ei trygg
Og sik­ker
Framtid

 

 

 

 

Sommar
EG VIL IKKJE SJÅ DEG #1

Når du strek­kjer ut ein arm
er det noko inni meg
som revnar

Er det fordi eg har hjarte
at eg får så vondt?

Eg ser deg i eit hjørne av kvar­da­gen min
Eg unn­går blik­ket ditt
Men trek­kjest mot deg:

Utan­for verda
Innan­for syns­randa
Men utan­for framtida

Er det fordi eg er eit så godt men­neske
at eg får så vondt?

 

EG VIL IKKJE SJÅ DEG #2

Please
Madam

Som om det var enkelt

Madam
Please

Og uan­sett kor mange myn­tar eg legg i kop­pen
står du her i mor­gon også

Så kva er det du vil?
Kva er det du ven­tar?
Kva er det eigent­leg du ber om?

 

EG VIL IKKJE SJÅ DEG #3

Og like­vel
viss eg gir deg ein mynt eller to
Som eg sjølv­sagt veit går ut av lan­det
Til ban­dit­tar
Eller små barn:

Du kjem til­bake
Og du sik­tar deg ut meg,
du nag­lar meg med auga:
“Du gav i går, du gir vel også i dag ?”

Du for­står ikkje.
Viss eg gir pen­gar
så er det fordi

Eg vil ikkje sjå deg

Sommar
NOKO SØTT

No trengst det noko søtt!
No treng vi noko godt

Som­mar

Vel og bra å ta ting inn­over seg,
men ein kan ikkje ta alt inn­over seg,
Kva om halv­par­ten av men­neska lever liva sine
i grense­laus smerte
Og så om res­ten av men­neska lever liva sine,
dei også i grense­laus smerte,

Fordi dei er så empa­tiske
Altså med den første halvparten

Det blir dumt

 

Her og no
er vi to
To som spring i åkeren!

Her og no er all­ting godt!
Hand i hand med timo­tei
Og kjær­lei­ken på pinne
som eg saug på i går
Ja den er rettnok borte

Men her,
her har eg ein ny

Sommar
EG VIL IKKJE SJÅ DEG #4

Ta meg sjølv som eksem­pel.
Viss eg får lønns­auke,
 då veit du kva som skjer. Då job­bar eg meir!
 Til­bod og etter­spur­nad. Øko­no­misk lov. Viss eg gir pen­gar så kjem du til­bake. Å tigga er på ein måte ein jobb. Det er jo ein jobb, sjølv om det finst nød, og sik­kert bak­menn: bak­menn som hand­lar med men­neske, men sam­stun­des ten­kjer eg jo at du er fri, eit fritt og sjølv­sten­dig men­neske, som vel å stilla deg slik, at du vel det sjølv, det er jo du som står der, det er eit aktivt val; eg ten­kjer jo at du er fri, eg vil ikkje sjå ned på deg hel­ler, det er eit men­neske­syn eg har

Sommar
EG VIL IKKJE SJÅ DEG #5

Eg er så sår­bar i møte med nød

Eg kjen­ner meg så sår­bar
i møte med nød

Eg er inn­le­vande;
eit vel­dig inn­le­vande menneske,

Det er eit men­nes­ke­leg trekk
Eg vil ikkje at denne fine sen­si­ti­vi­ten min skal forsvinna

 

Sommar
DU BØR SPISE INSEK­TER FOR Å LØSE SULTPROBLEMENE

Livet skal være en fin ting, ikke en eksis­tens; man må lik­som leve litt også.

Hva med  å krympe klo­dens befolkning?

Så, hvem skal ofres først?

Men hvis seks mil­li­ar­der men­nes­ker begyn­ner å spise insek­ter, vil ikke det for­rykke balan­sen oppover?

Jeg var en gang på Sval­bard. Nå bor jeg i Thai­land, pluk­ket senest i natt 2 kg store fly­vende biller.

Å spise insek­ter, det er ikke å leve, det er å eksis­tere, og det hol­der ikke. Ekle ting skal ikke inn i livet, vi skal skjerme livet fra dem. Må vi begynne å spise insek­ter, da kan vi smelle av samt­lige atom­vå­pen, og gjøre slutt på lidel­sen som livet da har blitt.

Hvil­ket til­be­hør ser­ve­rer man, og hvor mange gress­hop­per per person?

5-6 av de store med ris og salat.

Mye jeg ikke liker: kål, det meste av sau­ser og salat, for eksempel –

Gress­hop­per, silke­lar­ver + vep­se­lar­ver er kjempe­godt, sma­ker som sør­landschips og lar­vene som smør.

Folk må være his­to­rie­løse.
 Vi har siden 70-tallet hatt en fusjon av kje­miske, far­ma­søy­tiske, petroleums- og mat­vare­kon­ser­ner, som har ført til indu­stri­ell masse­pro­duk­sjon av mat. En slik masse­pro­duk­sjon i regi av kor­po­ra­sjo­ner har ført til børs­spe­ku­la­sjo­ner med korn, som har gjort at land­bru­ket i flere u-land har blitt utkon­kur­rert av nett­opp disse korporasjonene.

Fei­len er at ulan­dene har begynt å få ves­tens mat­va­ner. De kut­ter ut sin egen mat­kilde. Det er vel der pro­ble­met lig­ger:
 Her i ves­ten er det  ikke tra­di­sjon å spise insekter

Så fat­tige, syke og tren­gende skal hjelpe seg selv?

Pro­ble­met med sosia­lis­ter er at de ikke ser dyna­mik­ken. Hva med mus­limske land med en eks­plo­siv befolkningsøkning?

Du blir blek og gus­ten uten kjøtt. Det er ikke godt for vår attrak­sjon for hver­andre, eller for norsk  øko­nomi.

Så hva når vi er 14 mil­li­ar­der? 
Når det ikke er flere edder­kop­per og sølv­kre igjen?

 

Barn som spi­ser insek­ter bør mel­des til barnevernet

 

(ein van­leg dag på dagbladet.no)

 

Sommar
FRÅ KOM­POST­BIN­GEN

Dette er son­gen til ung­dom utan arbeid.

Nei

Dette er son­gen til han som prø­ver å få liv i åke­ren igjen,
ein gene­ra­sjon for seint

Nei

Og han som ville sprenga Stor­tin­get i vin­ter,
han var høgre­eks­trem.
Eller full.
Tenk på det!

Nei
Eg orkar ikkje.

Eg gjen­tar: Heste­kjøt er dje­ve­lens verk.
Er du klar over kva du sjølv kan gjera, der­som sex­li­vet ditt er for tamt?
Er du klar over, kva du kan skriva som for­fat­tar, viss du føler at alt som kjem ut er søp­pel, fordi alt er for­talt?
Klis­sete olje lik butox i skruk­kene i ansik­tet hos fleire og fleire lag av befol­kinga;  som olje­ka­ker i panna når eg har fresa kam­skjella for lenge; dei var på til­bod.
Det er så utru­leg vik­tig å ikkje putta i seg søp­pel, å vera bevisst, å ikkje bruka seg sjølv eller part­na­ren eller lesa­ren eller ungane eller kol­le­gaen eller pub­li­kum som kom­post­binge, det er så utru­leg vik­tig, lik­som, som for­fat­tar, å skildra for­fal­let, denne deli­kate dekan­den­sen, dette over­sko­tet av alt mog­leg. Med ele­ganse. Ja. Som om å peika på kva vi held på med har noko poeng; som om det gjer det eks­klu­sivt for­seg­gjorte for­fal­let noko betre, at eg pei­kar på det.

Viss eg hadde vore pop­ar­tist og fått ein mil­lion frå stat­oil, så hadde eg teke imot, og viss eg får sti­pend frå sta­ten, så tek eg imot, for viss ikkje eg gjer det så gjer nokon andre det det, og dess­utan, viss eg ikkje tek i mot så blir det sjøl­vi­scene­se­tjande: ”sjå eg tak­kar nei til dei skitne snørr­pen­gane til stat­oil” men eg tak­kar ja til fød­sels­perm og gra­tis utdan­ning som ungane mine får:
som om desse pen­gane er noko kvi­tare enn den sleipe svarte seige olja dei er sogne ut frå

det må gå an å peika på klimagrei­ene utan å gå i naken­klos­ter langs ekva­tor
og berre eta suppe
på insekt

Det å peika på kei­sa­ren
som går naken
er vik­tig; det er rettnok inga bragd, for vi gjer det alle,
vi går rundt og peikar

nakne
men kan­skje er pro­ble­met nett­opp at

Nei

Eg får ikkje tak

 

Alt er søp­pel alt er søp­pel alt er søp­pel og eg resir­ku­le­rer og resir­ku­le­rer og resir­ku­le­rer men alt skal forsvinna

Sommar
EG ER KRISTI BRUR

Den hei­lage Sunniva eller Sankt Sunniva skal ha levd på 900-talet, og var ei irsk kongs­dot­ter som flykta frå ein hei­densk konge som ville gifta seg med ho. Sunniva gav seg ut på havet med føl­get sitt, i eit skip utan årer eller segl. Dei dreiv i land på øya Selja i Nord­fjord, der dei slo seg ned i ei hole. Folk som budde på sta­den meinte utlen­din­gane stal sau, og Håkon Jarl kom etter dei. Sunniva bad til Gud om at dei ikkje måtte falla i hen­dene på heid­nin­gane, og tunge stei­nar fall ned og stengde inn­gan­gen til hola. Der inne døydde dei martyrdøden.

1
KORET
Sunniva
Sunniva
Sunniva, sei ja

Berre du kan redda oss
Du red­dar oss vel, no?

Sunniva?
Sunniva?
Sunniva?
Sunniva?

Høge breie raude bleike
man­nen i frå nord –

Vak­raste stol­taste jenta!
finaste rei­naste jenta!

Gift deg med han, gift deg med han,
gifta deg med han, gifta seg med han

Hjar­tet ditt er reint reint reint reint
Du føl­gjer vel hjar­tet ditt, jente?
Du red­dar oss vel no?

2
SUNNIVA
Eg kan ikkje eg vil ikkje eg kan ikkje eg vil ikkje
Eg har lova meg til Krist!

Eg kan ikkje
Eg har lova meg til Krist
Eg vil ikkje
Eg har lova meg til Krist

For eg er Kristi Brur

KORET
Men Sunniva
Berre du kan mildna han
Han mild­nar nok til sist
Han ven­der seg til Krist til sist
Og alt han krev
er deg:

Gift deg med han, gift deg med han,
gifta deg med han, gifta seg med han

SUNNIVA
Eg kan ikkje
For eg er Kristi brur

3
SUNNIVA
Utan årer segl og ror
over hav til deg, min Krist!
Herre og Hus­bond!
Herre og Hus­bond!
Herre og Hus­bond!
Herre og Husbond

KORET
Er det her vi skal vera
Er det her vi skal bu

SUNNIVA
Ver ikkje redde!
Eg skal redda dykk,
ven­ner frå Eire,
for eg er Kristi Brur –

Sjå dette lam­met
Drikk dette vatnet

KORET
Nord­man­nen sør­ger for lam­met sitt
Nord­man­nen brø­ler for lam­met sitt
Nord­manne buld­rar for lam­met sitt
Og vil drepa med øks

4
SUNNIVA
Jesus
Kom fram

KORET
Opp­over, oppover

SUNNIVA
Ikkje ver redd

KORET
Inn­over, innover

SUNNIVA
Jesus
Herre og Husbond

KORET
Inn­over, inn­over
I dju­paste mørker

SUNNIVA
Herre og hus­bond
Her er eg

KORET
Fanga, fanga
Inn­erst i fjellet

SUNNIVA
Frelst i din fridom

KORET
Fanga i fjellet

5
SUNNIVA
Eg trur, eg trur, du kjem, min Krist,

EKKO
Her er eg

SUNNIVA
Til meg, til sist,

KORET
Her er eg

SUNNIVA
For eg, ja eg,

KORET
Her er eg

SUNNIVA
Eg trur, ja trur

KORET
Her er eg

SUNNIVA
At eg
er Kristi Brur

6
KORET
No døyr vi

SUNNIVA
Jesus!

KORET
Hal­le­luja
Halleluja

SUNNIVA
Du kom til sist
Eg gif­ter meg
med deg min Krist

KORET
For Ho er Kristi Brur

 

 
 

 

HEI­LAGE SUNNIVA KRISTI BRUR
Scene­dikt av Maria Tryti Ven­ne­rød
Skrive til The­rese Birke­lund Ulvo sitt tin­gings­verk til Fest­spil­lene i Ber­gen 2013, med urfram­fø­ring 1. juni på Selja.

 
SOM­MAR

Så lenge vi har sol
Kva skal vi med bog­n­ande åkrar?
Korn kan vel alle dyrka,
Andre:
Folk med jord

Så lenge vi har olje
Kva skal vi med bier?
Sum­mande bier kan vel andre røkta
Bloms­ter 
kan andre 
befrukta
Vi finn vel ein måte

Vi finn vel ein måte
Det er så gam­al­dags, å pro­du­sera maten sjølv
Det var slikt Mus­so­lini dreiv med;
Føds­lar og eigenproduksjon

Vi er glo­bale
I takt med tida
Vi impor­te­rer
Vi er populære

Vi er ikkje bekymra
Vi er så popu­lære!
Hei de slyng­lar i skule­gar­den
Er ikkje vi populære?

Og snart blir vi sik­kert berømte

Så lenge vi har pool
Vårt eige svømme­bas­seng
Så vi kan pula og svømma bestan­dig
Vi treng ikkje havet
Kva skal vi med hav?
Så svart og stygt
Og fisk: det får vi frå Japan

Vår eigen vesle pool
Og elek­trisk sol
Skal det vera ein soda

Som­mar heile året, vi fjer­nar føflek­kar
Vi har vore til legen,
og fjerna 30 flek­kar
for å vera sikker

Det gjer ikkje noko
at det er kaldt
Vi har som­mar inne
I vårt eige hovud
Vi har vår eigen pri­vate sommar

Med sol; ho skin når vi vil og treng berre 20 minutt på å bli varm

 

 

 
ETIKK­BU­TIK­KEN #4: DEMOKRATI

EG
Eg angrar

DEI
Kva?

EG
Eg er ingen autoritet

/

EG
Ikkje nokon tenar hel­ler
Ikkje eit føre­bi­lete
Ingen å sjå opp til
Ingen å bry seg om
Eg har ver­ke­leg ingen­ting å tilby!

/

EG
Her er kvitteringa

/

EG
Må eg for­klara?
Eg har ver­ken behov for eller evne til å vera betre enn andre
Eller å gje noko som helst, til nokon som helst!

DEI
Jo men kjære deg.
Det var difor du fekk depo­nera:
Ikkje alle er kalla til
å vera noko spesielt

/

DEI
Det er lov å vera middels

EG
Middels?

DEI
Eller beint fram: Simpel

EG
Simpel?

DEI
Det er fak­tisk smart!

EG
Smart?

DEI
Det ver­kar sym­pa­tisk:
Her i dette spe­let
Er kvar vesle brikke
Like viktig

EG
Viktig –

DEI
Eller uviktig

/

Vel­kom­men
Du lever i
eit demokrati

Sommar
Kon­fi­den­si­elt strateginotat:

TI PUNKT FOR EIN BETRE VALKAMP

1.
Vi seier nei til fat­tig­dom

Vi trur vel­ja­rane er leie av fat­tig­dom 

Fordi det strir mot alt vi står for, alt det vi er

2

Med dei kom­mande klima­end­rin­gane vi no ser kon­tu­rane av, og med dei øko­no­miske ned­gangs­ti­dene som her­jar verda over og som no også ser ut til å råka Kina, og som der­med blir umog­lege å verna seg mot; og med heile sør­europa som står i fare for å bli til ørken, og med korn­pri­sar som går i taket,
så er det vik­tig å kom­mu­ni­sera
at vi vil skapa eit trygt og godt Norge.

3
Du kan ikkje stå nede ved Lampe­dusa og ropa at det er stengt. 

Vi vil ha politi langs heile grensa.

I til­legg vil vi rusta opp kys­ten, meter for meter, slik at det blir tydeleg.


4
Med eit hav som i mindre grad reflek­te­rer sol­ly­set er det klart at eks­trem­vêr vil øyde­leg­gja.
Då er det vik­tig at poli­tik­ken står fast.

5

Med auka utvin­nings­takt og ein verds­øko­nomi frå hel­vete kan olje­pri­sen falla. Desto vik­ti­gare å pro­du­sera meir. Det avgje­rande blir kor­leis vi bru­kar pen­gane: Vi vil ikkje inves­tera i sår­bare aksjar ute i bushen, vi vil hel­ler sy set­lar inn i madras­ser og puter som vi kan stappa inn under armane og beina på ungane våre og dess­utan inn i flotte pro­te­ser i våre eigne bryst.


6

Sauer og gei­ter i kvar skrent: det er ikkje er der ver­di­ane ligg.



7

Lat oss pro­du­sera det vi er gode på; mjuke fedre og harde mødre. 
Så kan vi impor­tera kor­net vi treng.

8
Det er kjøpe­kraft som gjeld




Dei kan ikkje nekta oss korn

Vi er då globale

9
Viss bøn­dene kjem litt dår­leg ut i punkta over her, så gjer det ikkje noko, for bøn­dene har gitt oss opp uan­sett og vi har også gitt opp dei. Mindre enn to pro­mille av våre vel­ja­rar er bøn­der. Vi trur på franske ostar og bel­gisk kjøt: Viss den øko­lo­giske og øko­no­miske krisa blir verre, endå vi har rekrut­tert folk frå dei ned­lagt gards­bruka til å stå væpna og kamp­klare langs heile norske­kys­ten; så får vi hel­ler vur­dera ein mur, eller også polsk arbeids­kraft. No etter at polak­kane har øyde­lagt den gode norske model­len og soli­da­ri­te­ten mel­lom arbeids­folk, er det på tide at vi krev noko til­bake. Vi kan vur­dera utreise­for­bod.
Viss vi like­vel blir råka av den inter­na­sjo­nale mat­man­ge­len, ja då får vi berre opna gren­sene igjen. Ja altså ikkje for folk. Men vi kan vel impor­tera.
Dei­lig kjøt og ost.


10

Og viss det skulle skru seg til –
der bør vi vera tyde­lege:
Vi har då vel ven­ner. 

Vi er eit venn­leg folke­slag.

Det er kon­sen­sus i utanrikspolitikken

MERK­NAD:
Korn som ikkje bog­nar

Bier som ikkje sum­mar

Pis­to­lar som kan prin­tast ut i plast


Toma­tar som ikkje rot­nar

Digi­tale minne som aldri for­svinn;
Det blir for fjernt

Vi må snakka om ting som angår folk

Ikkje kon­stru­erte pro­blem­stil­lin­gar langt borte

Vi må snakka til folk 
der dei er

Sommar
SOM­MAR på Stav­an­ger Luft­havn, Sola 21. juni kl 1200

 

Tredje instal­la­sjon i tea­ter­de­len av Fem års­ti­der gjekk føre seg i ankomst­hal­len på Sola fly­plass,

21. juni kl 1200,

og var basert på teks­tane under års­tida SOM­MAR.

 

 

Foto: Børge Andre­as­sen         Slide­show: Erlend Berge

 

 

 

Sommar
VAL­KAMP

 

Har du barn?
Kan eg halda bar­net ditt?

Eg kan godt halda beste­mor di
i handa
medan ho døyr

Sommar

Sommar av Knut Løvås

SOM­MAR av Knut Løvås.
Illust­ra­sjon til Fem årstider:SOMMAR, i Klasse­kam­pen fre­dag 21. juni.
Teks­tane vart viste i ein tea­ter­in­stal­la­sjon i ankomst­hal­len på Sola Fly­plass, 21. juni

Neste vis­ning er i okto­ber – tid og stad blir annonsert.

Sommar
FERIE

Du må jo ta ferie

Sei at du er for­fat­tar
Eller lege
Eller byråkrat

Sei at du job­bar i barnevernet

Sei at du er byg­nings­ar­bei­dar, politi­mann eller fri­sør
Du treng jo pause

Sei at du er munk, og at du els­kar det, å gå der og vatna urtene
i hagen

Eller tig­gar,
at å tigga er job­ben din – sei at det er lov
Eller at du eigent­leg er banditt

Sei at du er men­neske­hand­lar, at du job­bar med men­neske­han­del
Eller at du hand­lar med
din eigen kropp

Eller at du smug­lar
At du smug­lar men­neske, dop eller diamantar

At du er misjonær
At du smug­lar ver­diar; vakre tan­kar over landegrensene;
gode drau­mar
Om men­neske­verd og nåde

 

Sei at du er vege­ta­ria­nar,
ein øko­lo­gisk bevisst for­bru­kar
som job­bar fri­vil­lig
på julafta

Du treng jo ferie,
du også

ei lita stund der du berre ten­kjer på deg sjølv

Haust
MINIS­TER OM AUTO­RI­TÆRE REGIME

 

at vi nå står sam­let i å si til de nye makt­ha­verne
at de gamle tidene er forbi;
tiden hvor vi aksep­terte auto­ri­tære regi­mer –
så lenge de var ven­ner med oss
så kunne de gjøre hva de ville:
det tok slutt
med den ara­biske våren

 

(Espen Barth Eide til NRK ons­dag 14. August 2013)

 

 

MINIS­TER DRØY­MER OM VÅR

Eg vil det skal vera vår
Heile året
Eg trur våren er vik­tig.
Våren er avgje­rande:
Alt eg trur på
Fri­dom
Demokrati

Det blir ingen som­mar utan vår, 
trur eg
Og dette har vi gitt tyde­leg uttrykk for
Vi støt­tar våren
Og for den del:
Som­ma­ren
Det er haus­ten vi ikkje aksepterer

 

DEMO­KRA­TISKE DRO­NER
Vi kjem­par for alt kva vi har kjært
Vi lever i eit land
Der vi slepp å kjempa

 
HAUST

#1

EG  Eg går ned­over bru­stei­nar, store hel­ler med inn­gra­verte sitat av Hen­rik Ibsen
Eg trør på stei­n­ane i lan­det mitt
Her er det haust

Mel­lom bygår­dar frå den tida då nokon gjekk og svalt;
og mel­lom andre hus  –  dei sik­kert også fulle av sopp;
mel­lom gate­hjørne og søp­pel­bøt­ter og narkomane

og svens­kar og rume­na­rar
og polak­kar
i mørke haust­kvel­den
står vare­husa
og blenkjer

 

 

#2

EG  No får det faen meg vera nok
Eg har kan­skje peng, men det skulle berre mangla

Eg har fak­tisk jobba

Og det er jæv­lig mange fat­tige i dette lan­det
Så ingen grunn til å vera nøgd

Eg tek ein tur ned mot spi­ker­suppa;
i lun­sjen; etter lunsj;
eg har ein jobb som gjer at eg av og til må ut og tenkja

Eg har ein jobb som gjer at eg av og til må jobba,
av og til må eg berre ut,
sjølv om eg er på jobb,
sjølv om det er helg
Faen meg umog­leg å kon­sen­trera seg

Laur­dag og kald sol
Bodene tett i tett, som i tivoli:

Kaffi
Fri­dom
Velferd

Eg tak­kar og går vidare

Trygg­leik
Vel­ferd
Menneskeverd

Eg kjem til neste

Vel­ferd
Helse
Sysselsetjing

Kvar kom eg frå og kvar er eg på veg?

#3

Det same sa dei, sist. Du bestem­mer. Og kva har skjedd. Eg er skilt. Eg søv dår­le­gare. Eg har mista ape­tit­ten. Eg har mista omsorgs­ret­ten. Eg har mista omsorgs­ret­ten for ungane mine, fordi nokre gal­nin­gar har fått pappa til å bli like­stilt. Menn er ikkje like­stilte, det er difor eg gjekk, det er fak­tisk kvin­ner som må vera og gjera alt i dette landet.

 

Eg har kan­skje ikkje for­talt at eg har barn?

Eg er også depri­mert.  Men eg er kvinne. Eg bit ten­nene saman og tek medi­ka­menta som trengst. Det er kan­skje til det beste, når alt kjem til alt; betre med éin depres­siv for­el­der enn evin­ne­lege krang­lar mel­lom to; sta­dige utfluk­ter til berg- og dal­ba­ner og bade­land, berre for at mamma og pappa skal kom­pensera og kon­kur­rera, for­eldre­skap på anbod, løfte om gull og grøne sko­gar og berre du lovar å vera luk­ke­leg, så skal eg gje deg vel­ferd og kunn­skap og popcorn og poke­mon eller kva det no er

 

#4

Eg har det fak­tisk vondt. Eg får gedigne rek­nin­gar i pos­ten. Ikkje berre etter at eg fekk bleika smi­let, men det viste seg også at alle vis­doms­ten­nene måtte ut; nye kon­takt­lin­ser, og bilen kon­dem­nert.  Eg flytta jo ut, og alt er dyrare som eins­leg, dette snakka dei om før. Eg hug­sar det godt;

om att og om att, om at single har det skrint;
men det vart tyde­leg­vis berre med praten

 

Kalle beheld huset, og ungane og hun­den – eg får berre hytta, som eg sjølv­sagt er knytta til, har vore der i åre­vis. For­døm­rade palass:
Hytta var sær­eige, så eg har ikkje fått noko

 

 

HAUST #5

Det vik­tige er at du bru­kar røyste­ret­ten din,

og eg spør til­bake, kvi­for?
 Kvi­for er det vik­tig?
 Kvi­for er det vik­tig at eg, som vel har vik­ti­gare ting, bru­kar stemme­ret­ten? Eg som ikkje ser skil­nad, som stem­mer på måfå – er det ikkje betre om nokon som bryr seg litt, bestemmer?

Eg bryr meg ikkje. Eit jævla ego er eg, og viss eg over eit glas vin kjen­ner krib­lande krus­nin­gar av ansvar, viss eg er så bri­sen at eg brått snak­kar stort, endå eg har nok med smått; viss eg for ein gongs skuld er så dri­tings at eg snak­kar fram­tid eller regn­skog eller utsik­ter for klo­den, at vi må vera snille og om vest­leg sivi­li­sa­sjon –  ja, då ler dei berre. Eg blir ledd ut.  Og det av mine nær­maste – eller kan­skje ikkje det ein gong?

Kan­skje har eg ingen. Ingen bryr seg meir.
At eg berre blir møtt med togn, før ein eller annan meir vel­til­passa red­dar situa­sjo­nen, stryk meg med­fø­lande langs kja­ken og spør:
kan du setja på noko dsjææææz?

 

 

HAUST #6

Sjølv­ska­dinga breier om seg; sjølv har eg avgrensa det til risp. Kan­skje stem­mer eg like­vel, i valet 2013, på dei ver­ste av dei ver­ste, fordi smerte er betre enn den numne dumpe kjensla av at alt er tomt.

HAUST #7

Så ser eg at det glim­tar.
Kva er det eg ser, den vesle auge­blin­ken, i den folke­valde sitt auge.
Eg ser noko uhyr­leg. Eg ser meg sjølv.

Det er for at du skal kjenna deg att, 
er det ein munn som for­mu­le­rer;
Kjenna at dette er ditt;
At du har valt det sjølv

Då for­står eg
Dei vil ha stemma mi, for at eg skal halda meg i ro.
For at eg skal kjenna meg ansvar­leg­gjort, og ikkje byrja å hata

Ikkje kasta stein
Ikkje ringa ein fet­ter i mili­tæ­ret
Ikkje gjera kupp

Alt her i livet, er
Mi eiga skuld

 
ETIKK­BU­TIK­KEN #5: MARK­NADS­BA­SERT MORAL

DEI
No veit eg det:
Vi regu­le­rer alt med skat­tar og sub­si­diar. Perfekt.

EG
Korleis?

DEI
At alt kan gå inn i ein rekn­skap. I ein grøn og rosa øko­nomi. Len deg til­bake. Lat luft og fukt strøyma inn. Alt som trengst å jus­te­rast er skat­tar og sub­si­diar slik at pri­sen blir reell, for­står du? pri­sen på alt, – slik at folk vil gjera etisk rette vur­de­rin­gar utfrå lomme­boka, utan å stå i spa­gat mel­lom sam­vit og lyst.

EG
Å

DEI
Kvart val vil gjen­speila den eigent­lege kost­na­den i sum.
Alle livs­val blir høg­ver­dige, berre krone­pri­sen er rett!

/

DEI
Lat att auga.
Viss det blir dyrt nok å for­gifta jorda,
eller di eiga mor,
eller kost­bart å sleppa eder og gass i offent­leg rom,
eller å for­bryta seg mot men­neske­heita – ja, så slut­tar du!
For pris­lap­pen blir høg!
Å vera elsk­ver­dig blir bil­lig: eller at du får betalt, viss du er ok.

/

EG
Høy­rest ok ut

DEI
Tenk at du let deg falla

EG
Falla?

DEI
Du skal elska og æra drif­tene som ligg til grunn, for det står skrive at ”men­nes­ket hand­lar på ein måte som mak­si­me­rer res­sur­sane til disposisjon” –

EG
Det har eg høyrt om –

DEI
Og kva anna enn mak­si­mal utnyt­ting av knappe res­sur­sar skulle til dømes du ta avgjer­dene dine utfrå?

EG
Eh nei –

DEI
Djevelen?

EG
Eh nei

DEI
Det er vel ikkje dje­ve­len som har funne heim?

/

EG
Eh, nei

DEI
Nei
Du gjer gode, rasjo­nelle avgjer­der
viss berre kom­pas­set ditt får lova å vera …

EG
Ja?

DEI
Ja?

EG
Nyttemaksimering?

DEI
Nyttemaksimalisering!

EG
Å ja

/

DEI
Men då må du, mitt kjære vel­mei­nande men­neske, ha lov å spørja:

EG
Tener eg på det

DEI
Riktig!

EG
Tener eg på det.

DEI
Det er eit hei­lagt spørs­mål!
Eit mira­ku­løst spørs­mål!
Tener du på det!

 

 

 

Haust
PRE­SI­DENT OM Å VERA NÆR

At vi snak­kar til folk, der dei er
At vi hjel­per folk, der dei er
At vi spreier dei huma­nis­tiske ver­di­ane våre
til andre folke­slag, der dei er
med alle mid­del
om nød­ven­dig
slik at folk
her
ser at eg:

Eg er ein nær type

 

Haust
IKKJE TRAKK PÅ GRASET

Eg trudde du for­stod at når eg sette strek;
Ein strek du ikkje skulle trø over
At det var retorikk

At eg trua:
Eg trudde du for­stod:
Du skulle jo ikkje
Eg trudde ikkje det
At du skulle trø over
Eg ville vera fast

Då er det dår­leg gjort å tvinga meg

 

Haust
ÆRLEG TALT, HR. DIKTATOR

Eg er fak­tisk vald
av fol­ket
Eg er nøydd å ha integritet

Trur du eg kan gjera som du; lyga og sno meg
Trur du eg kan gjera som eg vil

Trur du eg kan la vera
å bomba deg søn­der og saman

 

Haust
PRE­SI­DENT OM DIK­TA­TO­RAR OG FRIDOM

Trur du eg er fri,
slik som du?

Nei
Eg må bomba deg søn­der og saman

Haust
MONS­TER

 

#1
Å herre­gud
Høy­rer du
Naboen!
Slår dei kvar­andre i hel, der inne?
Har du nokon gong sett inn der
I byr­jinga verka han nor­mal
Kom og ringte på
Han verka nor­mal
Men det er rart
Eg tenkte han var van­leg, men følte
Noko var rart
Han var for høf­leg
Men eg merka det
Han er sjuk
Han ver­kar nor­mal, men han er faen meg sjuk
Slår dei kvar­andre i hel?

#2
Det er møte i sam­ei­get
Jo men – at eg masar, du sva­rar jo ikkje!
Ærleg talt
Eg kan gå
Men då får du ta badet
Kalle
Slutt med mum­linga!
No tek eg badet, men då får du ta møtet
Raket­tane er første punkt, kan du gå, eller må eg!?

#3
Her i lan­det er fyr­ver­keri
“til van­lig bare lov­lig på nytt­års­af­ten, og det er en vik­tig del av fei­rin­gen for mange nord­menn. Her er noen bestem­mel­ser om fyr­ver­keri.
Nye reg­ler for fyr­ver­keri
Den 15. okto­ber 2008 trådte den nye fyr­ver­ke­ri­lo­ven i kraft. Fyr­ver­keri med sty­ringspinne og fyr­ver­keri som ser ut som leke­tøy er nå for­budt. Det er ikke lov­lig å selge denne typen fyr­ver­keri, eller sende det opp der­som man skulle være i besit­telse av det. Bakke­stå­ende fyr­ver­keri som effekt­bat­te­rier og fon­te­ner vil fort­satt være lov. Hel­dig­vis er det ikke slik at vi mis­ter fyr­ver­ke­riet. Det vil nem­lig bli sendt opp offent­lige fyr­ver­ke­rier av pro­fe­sjo­nelle i stedet.”

#4
Heime alt no?
Kva skjedde
Kva vart bestemt
Kalle sjå på meg
Du er unn­vi­kande
Du prøvde vel å snakka
Bli litt kjent
Vi vil ikkje ha kon­flikt
Vi ønskjer jo ikkje kon­flikt
Du var vel vennleg?

#5
Ikkje vik­tig?
Var det det dei sa?
Jo men det kunne gått gale, det sa du vel, det kunne gått skik­ke­leg gale den nytt­års­kvel­den,
skal vi berre la det pas­sera,
skal vi sitja og venta til huset brenn ned?

Det sa du vel
Det hand­lar om triv­sel
Folk kan ikkje berre driva og skyta opp alt mog­leg, heilt utan­for regel­ver­ket
Det har vi aldri gjort
Når vi skyt raket­tar med styr­epinne, ven­tar vi all­tid til midnatt

#6
Veit du, Kalle, nokre gon­ger,
Nokre gon­ger får eg kjensla av at det ein­aste du bryr deg med er deg sjølv

#7
Kalle
Kva er den lyden
Kva er det dei driv med,
Der inne
Kalle høy­rer du
Kalle kvar skal du

#8
Kalle kvar er du
Kva er den lyden
Kva er det som føre­går
der inne
Kalle
Kalle!!!

Å herre­gud

#9
(Kalle kjem til­bake med blod på hen­dene og seier:)

Akku­rat slik er ho.
Akku­rat slik:
Ho ropar og ropar på hand­ling
Men så, når nokon – og kven andre enn meg? – fak­tisk gjer noko
Så er eg eit monster

Haust
GÅTE

Viss ei befolk­ning har eit helse­ve­sen som over­be­hand­lar den same befolk­ninga,
og viss befolk­ninga meir og meir utvik­lar ein helse- og døds­angst som gjer at dei heile tida vil inn og sjekka seg,
og fjerna fleire føflek­kar,
og ta fleire kreft­fram­kal­lande skan­nin­gar osv – ,
og ta fleire fos­ter­vass­s­prø­var og andre far­lege under­sø­kin­gar for å vera på den sikre sida;
slik at køane blir lengre og lengre dess friskare folk blir
(viss ein ser bort frå helse- og døds­angs­ten, som jo er sjuke­leg, og som også bør behand­last);
Og viss byrå­kra­tiet veks, fordi folk er meir og meir vil­lige til å sak­søkja legar viss dei ikkje blir friske fort nok,
slik at det blir fare på ferde for helse­per­so­nell som ikkje har papira sine i orden;
og viss legane og sjuke­pleia­rane må bruka meir og meir arbeids­tid på å doku­men­tera at dei er effek­tive;
og viss ingen poli­ti­ka­rar kan seia frå om alt dette, fordi dei då vil bli opp­fatta som arro­gante av den same helse- og døds­angst­be­fengte befolkninga:

Vil då
a) køane over tid bli lengre eller kor­tare?
og viss pasi­en­tane får makta, som enkelte ønskjer, slik at pasi­en­tane (som jo ikkje har kom­pe­tanse) til ei kvar tid får makta – og ansva­ret – for å skaffa seg den beste behand­linga og kon­trol­len,  noko som tru­leg fører til endå meir helse- og døds­angst og kon­sul­ta­sjo­nar for å infor­mera pasi­en­tar som prø­ver å ta rette avgjer­der utfrå sitt eige sjuk­doms­bi­lete:
b) kven vinn då valet i 2017?

Haust
KVELDS­BØN I VER­DAS RIKASTE LAND

Kjære Gud
Gje meg fri­dom
trygg­leik
ein ansvar­leg øko­no­misk politikk

Vel­ferd
kunn­skap
helse

Haust
MOR­GON­BØN I VER­DAS RIKASTE LAND

Kjære Gud
Gje meg fri­dom
trygg­leik
ein ansvar­leg øko­no­misk politikk

Vel­ferd
kunn­skap
helse

Haust

høst knut løvaas pdf

 

HAUST av Knut Løvås.
Illust­ra­sjon til Fem årstider:HAUST, i Klasse­kam­pen laur­dag 12. okto­ber.
Teks­tane vart viste i ein tea­ter­in­stal­la­sjon på Nordby­sent­ret på Svine­sund i dag, 14. oktober

No er det snart klart for den femte årstida!

Som finn stad inne på Det Norske Teat­ret på Scene 3.

Pre­miere 21. november.
Haust
JORD­JENTA

1
Eg er ung
Eg er ein ung mann
Eg er tem­me­leg normal

Viss eg vil
Kan eg vera vill

Men

2
Mitt sva­kaste, mitt aller sva­kaste og slik sett mest men­nes­ke­lege punkt

er
at eg har
denne trongen

Til å villa ha
alt

 

3
Lauv­blå­sa­ren pus­tar og pesar
Eg går i par­ken og kjem­par mot lau­vet, men ikkje ver redd:
Eg er fast og lau­vet er lett

 

4
Om dagen job­bar eg med dei andre;
Haus­ten raka lauv, vin­ter rydda snø og om våren, så
Og alt dette gjer at eg får til­gang til skuret

Og så: om natta, når dei andre søv: drøy­mer sine drau­mar
Og så: når dei andre drikk fine drin­kar og dis­ku­te­re­rer filo­sofi
Om så: om natta, når dei andre skå­lar i suk­sess eller ona­ne­rer
I natta grå


går eg til sku­ret
Og hen­tar reiskapen


går eg ute
og destruerer

5
Lauv­blå­sa­ren pesar
så høgt han kan
Ikkje sær­leg høgt, han er rela­tivt stille­gå­ande
men

det er mørkt
Og rått

6
Eg tok ikkje på meg hanskar

Sidan det er sep­tem­ber trudde eg det ville vera mildt, så eg tok ikkje på meg hans­kar
Ingen snak­kar til meg len­ger, berre Gud

Gud snak­kar
og katten

Alle snakk­kar
til meg no,
og alt

Det er oss, no, eg, eg og alt

Eg frys på hendene

 

7
Eg er betalt for å stikka løk, så eg kan ikkje anna, for eg treng løn til brød og gli­de­mid­del,
Eg er tem­me­leg nor­mal
Men ved Gud, du skal vita: det byr meg i mot
Å stikka løk
no
i ver­das siste time

8
Eg går med lauv­blå­sa­ren og får alt
til å for­lata
sin van­lege plass. Lauv sirk­lar i kverv­lar. Eg rotar til hau­gane
vi nett­opp har ordna

I håret ditt,
Jordjente

Sa eg det?

9
Det hen­der eg møter deg

Du ligg bort­med kom­post­tral­lene
Berre eg som veit

Eg kjæ­ler deg var­leg med lauv­blå­sa­ren, seier det når det har regna:

Jord­jente
Du må ikkje ligga slik
Du må føna håret ditt

Eg skal blåsa håret ditt på plass – ja, og så gjer eg det

 

10
Ho strek­kjer lem­mene sine langs røtene og det er fuktig

Kom,
seier ho
Ja, seier eg
Eg skal dekka deg
Slik eg gjorde
første gongen -

 

11
Det er går mot vin­ter
Eg tek eks­tra vakter

Dei ten­kjer:
eg er ein under­leg kar
Eg ten­kjer:
eg er ikkje rar
Det er berre at -

 

12
Jord­jente, du ligg der så jord­fast, så jord­fest,
Eg trudde det var godt at du var kon­kret
Men resul­ta­tet er at eg sjølv
Kjen­ner meg
Så flyktig

Det er berre luft att av meg, jente!
Du har soge all mate­rie opp!
Eg som før var så skrek­ke­leg hand­fast, ein udis­ku­ta­bel saman­komst av kjøt og blod
No er det eg som flagrar

Det er eg som kler meg naken i okto­ber­natta, som spring febrilsk
mel­lom gra­vene
for å femna

alt

 

13
Frost
eg prø­ver å blåsa bort hau­gar
av fast­frose terreng

Det er eg som virv­lar no
I rin­gar og små syklonar

Kvitt

 

 

(Jord­jenta er eit scene­dikt til danse­fram­sy­ninga Jord­jenta som har pre­miere på Black­box teaer i Oslo 20. sep­tem­ber 2013. Pro­du­sent er kom­pa­niet Berstad/Helgebostad/Wigdel)

 

Haust
SON­DE­RIN­GAR

Vi er ven­ner
og kjen­ner kvar­andre
på tennene

Vi har godt humør
Og blåe posar med drops
Under auga

Haust
HAUST på Nordby­sent­ret på Svine­sund, mån­dag 14. oktober

 

Fjerde instal­la­sjon i tea­ter­de­len av Fem års­ti­der gjekk føre seg på Nordby­sent­ret på Svinesund,

mån­dag 14. okto­ber ved lunsjtider,

og var inspi­rert frå teks­tane under års­tida HAUST.

 

 

Foto og slide­show: Erlend Berge

 
ETIKK­BU­TIK­KEN #6: ENDE­LEG LØYSING

EG
Men kva med dei svoltne og for­komne
Som kjem sig­lande over havet, dei som kjem levande fram;
dei som ban­kar på dørene mine om kvel­dane – kva gjer eg med dei?

DEI
Du vil aldri finna ut om dei kjem frå reell nød eller om dei berre vil ha smu­lar frå kaka, for dei lyg, alle som ein.

EG
Nei –  ?

DEI
Uan­sett kor for­fer­de­leg dei har hatt det så har dei inter­esse av å for­telja den his­to­ria som løner seg, som treff deg i hjar­tet.
Og godt er det!

EG
Kva mei­ner du? Skal eg lukka dørene?

DEI
Abso­lutt ikkje!
Du skal sleppa inn dei som rører deg, som får hjar­tet ditt til å hamra!
Dei som for­tel dei mest gri­pande his­to­riene – best
Det er i alles inter­esse, at dei mest res­surs­sterke – og mest svømme­dyk­tige løg­na­rane –  får nytt liv
I regu­lerte for­mer, at dei kjem
Og deler sine res­sur­sar
Med oss
At dei skum­mar fløy­ten
Og svøm­mer
Med oss
Dei mest res­surs­sterke for­tel dei mest rørande his­to­riene og slik kan dei beste svøm­ma­rane og løg­na­rane bli gode arbeids­folk
som får øko­no­mien vår til å gro
Og hon­nin­gen til å flyta –
Og uan­sett må  det vera lov å gjera merk­sam på
at kvar inn­vand­rar til no, altså i det gamle sys­te­met,
har dratt brutto­na­sjo­nal­pro­duk­tet ned –
Eg snak­kar brutto­na­sjo­nal­pro­dukt per hovud –

/

EG
Takk,  eg trur eg tek det gamle sys­te­met eit par år til –

DEI
Hei – stopp! For­kla­rer eg ikkje godt nok?

EG
Eg ville berre ha ein takst …

DEI
Trur du du kan komma her og berre få ein takst? Bruka av mitt intel­lekt heilt gra­tis, for så berre å gå?!?

/

DEI
Trur du eg lei­kar butikk?

/

EG
Eg er lei for det
Eg har ver­ke­leg ingen rett

/

EG
Det er berre fordi eg er sjenert

DEI
Sikker?

EG
Ikkje ver sint

DEI
Ikkje gå

EG
Nei

DEI
Du kan ikkje halda på slik

EG
Nei

DEI
Nei

EG
Ok.

/

EG
Lat meg få litt av den klas­siske fasisc­men, då.

DEI
Van­leg stan­dard­pakke?
Krig, føds­lar og hardt arbeid?

EG
Takk

DEI
Du kjem ikkje til å angra
Ver så god
Du skal få det gra­tis i inn­byte mot det gamle