GODT NYTT ÅR
Eg veit eg smiler
Eg har slanka meg rundt haka
Eg smiler, men eg meiner det!
Stig på
Dei kjem og henger frå seg dyner, jakker, skjerf
Kom inn
Ta deg eit glas
Det byrjar å bli tradisjon, – kor lenge sidan du var her sist ?
Medan Evy og dei,
Nokre er meir etterspurde enn, neidå –
Har alle fått?
I år er naboen heime, så det blir fest her
Kalle har laga maten
Og eg har rydda,
han grisar fælt når han kokkelerer
/
Du ser bra ut. Du ser mykje piggare ut. Eg snakkar ikkje kilo. Du ser frisk ut. Nei, herregud – eg har putta inn sånne – ser du ikkje? Jo, men eg har råd. Er ikkje fint å overdriva, men eg sa det, vil berre ha litt. Han var flink. Men du, seriøst – det er noko i auga dine. Du er opnare. Eg veit – det er noko med dei periodane, du har det jævlig men er vakrare enn – du sårbar, det er difor du strålar, det er eit paradoks. Eg er så lei for at – men fantastisk at du tok deg tid, unnskyld – ? Nei vi står berre og – kva? – ha! Pen kan du sjølv vera.
/
Lysa blafrar. Dei brenn for fort. Men vi har mange!
/
Kalle, sjekkar du kjøkenet?
Eg trur vi kan setja oss, sit kvar du vil, men ingen får sijta med partnarane sine! annakvar kvinne og mann
Finn nokon du ikkje kjenner
Jo, men nokre her kjenner du veldig godt
Ikkje høyr på han, set deg kvar du vil, hysj Kalle! ja, seier eg
Dette er årets høgdepunkt: Årets startpunkt og slutt
Og akkurat som vi sit her
Kom Kalle
Jo men det er ferdig no, trur du ikkje?
Vi som – viss vi skal vera ærlege – ikkje alltid har tid elles
Vi veit at akkurat i kveld:
Å høyr no er naboen i gang
Kalle, kom –
Jo, men ikkje, Kalle – eg har allereie –
Ja vel. Unnskyld
Slik er han
Gjer seg til martyr
/
Eg er så utruleg glad for at kvar og ein av dykk –
/
Men det er ille med hunden; verre år for år.
Vi er nøydde å sperra han inne
/
Vi tenner lys og det skin gjennom lappar av voven krystall; lyset er vakrast mot snøen som sirklar nedover: då kjenner vi oss oppløfta. Det er ikkje kaldt, berre sånn at vi finn kvarandre i lune krokar. For kvar vedsekk eg hentar så gler eg meg over dette, at eg har ved, at eg lever i eit land med ved, at eg har bestilt i tide, og at det framleis er tennbrikker.
/
Det er noko med lengsla etter det vi gløymer; at vi skal finna noko i hjarta til kvarandre; kva er kjærleik om ikkje nettopp dette med å innlemma. Det er så rørande; det rører meg alt saman, vi står her samla i år igjen, vi er ikkje unge, men vi står i same halvsirkel som den gongen vi leika vaksne, og no er vi vaksne, no er vi nesten gamle, og vi tenkjer med takksemd på kor heldige vi er her, i verdas kaldaste land, at vi har eit stearinlys å varma hendene på. Tenk kor lett det ville vore berre å tura fram; gløyma kor heldige vi er. Tenk kor lett det er å henga seg opp i små detaljar; det som aldri er bra nok. Det er viktig å vera takksam. Men no gløymer eg meg bort.
/
Eg veit ikkje kven som har bestemt at det skal vera del av tradisjonen. Hanne byrjar, og fortel ho byrjar å komma over tomheita etter Per. At ho sjølvsagt alltid vil kjenna på at han ikkje er der, men at ho no også klarer å gle seg over ting, innimellom. At det er fint å vera her. Ho ler og tørkar seg i auget. Kalle spør om ho ikkje av og til drøymer om å møta ein ny mann. Hanne smiler raudnande og ser ned. Gje deg, Kalle, seier eg, men Kalle held trykket oppe. Fortel då, seier han, og let seg ikkje merka med at eg er irritert.
/
Det er både konstruert og vakkert å sitja og liksom ta tida innover seg, livet sjølv. Det er eit fint høve til å snakka saman. Slik som du, Halvard. Vi hadde nesten gitt opp å få deg med meir, så langt innsogen du var i desse turane dine
/
Unnskyld viss eg forstyrrar
Eg ser du er bedogga, du har fest? Slapp av, det er berre naboen! Unnskyld, dei er så fulle. Kva kan eg hjelpa deg med?
Bra du morar deg
Det høyrest
Ja
Eg feirar også
Ja
Eller – vi, då. Eg er ikkje åleine
Nei
Vi er ein gjeng.
Eg gjekk berre ut litt før dei andre.
Eg forstår
Eg ville berre ønskja godt nytt år
Ja?
Godt nytt år
Godt nytt år!
Det var berre det.
/
Og Fredrik, no er det deg!
Eg veit ikkje om du vil vi skal snakka om det –
Eg meiner, det blir nesten rart å ikkje … Eg reknar med alle veit? Er det ikkje –
å! – unnskyld! Unnskyld meg, Fredrik.
Nei, nei. Gløym det. Det er ikkje så interessant.
/
Det var forresten naboen. Han ville ønskja godt nytt år.
Er han einsam?
Eg trur meir nysgjerrig. Eg trur ikkje einsam,
Han har besøk
Er det han som går der ute?
Kvar
Det går nokon og trakkar
Kvar?
I hagen
Du ser spora
Ja
Er det naboen som går og trakkar?
No går han
Ja men han gjekk og trakka?
Han gjorde visst det
Trur du han er einsam?
Han har besøk
Ja men viss han har besøk, kvifor går han og trakkar
Han har ikkje gått
Ser du ikkje
Ser du skuggen
No står han i ro
Han ser at vi ser
Han har eit drag over ryggen, ser du?
Ein vinkel
Det er noko med han
Det kviler eit hat
Å?
Over han
Du tullar
Er du ikkje einig
Kanskje han er einsam
Han er full
av hat
Tullebukk
Skal vi be han inn?
Er det fordi han er åleine, eller er han full av hat
Han vil ikkje inn.
Då ville han spurt
Men det er rart han trakkar, han trakkar rundt oss.
Kva var det han sa, sa du?
Det har eg sagt.
/
Alt det der som vart avdekt i rapporten –
Folk som hadde varsla:
Utruleg at dei ikkje vart høyrde
Vi er ferdige med det no.
No snakkar vi om noko anna, om draumar, grader, at eg ikkje klarer å kjenna gradene
Gradene?
Ja dei seks gradene
Fy faen
Eg klarer ikkje kjenna gradene, seier eg, forstår du, eg forstår ikkje
Eg forstår ikkje det eg ikkje kjenner
Det er morgondagen eg ikkje klarer å kjenna, seier eg
Eg lever no
I noet
Det er det som er så forferdeleg
Dårleg levd
Forventningane
Om at vi skal klara å ta høgde
For det vi ikkje forstår
/
Det er desse gradene, prøver eg igjen
Seks grader Celcius
Du meiner oppvarming, seier Kalle
Nokon smiler
Ja, kva elles;
Seks grader
Som eg ikkje
klarer
Ja, nikkar alle, men eg ser det:
Eg har gjort meg betre, eg har prøvd å gjera meg betre, og difor er eg verre
Eg klarer det jo ikkje, eg heller, seier eg
Eg er eit dårleg menneske
Eg er heller ikkje –
Nei.
Vi tek det jo ikkje inn over oss:
Altså, ikkje eg heller, gjentek eg
Nokon smiler
Ja ja, seier Kalle
/
Dette er lovnadane mine for det nye året:
Vera grei og snill
Men kva er det du vil, spør Kalle, han er full og kranglevoren
Eg vil vi startar på nytt
Med kva?
Skal vi ta heile samtalen på nytt, er det det du vil?
Ja det hadde vore fint. Alt saman, å starta på nytt.
/
Kan vi? Vil du?
Ver snill
Og kva legg du i å starta på nytt
At du tilgjev
At eg tilgjev?
Kan du det?
Tilgjev kva?
Ver snill
/
Åh – Kalle, du veit, nokre gonger
Nokre gonger kan eg kjenna meg så nedsøkkt
Kva meiner du
Kva meiner eg
Gje deg, ingen andre veit kva du snakkar om
Slapp av, ingen andre høyrer kva eg seier
Dei er så opptekne av glasa sine
/
Faktum er at nokon døyr i natt,
seier Joar. Kvar nyttårsnatt.
Naboen har budd her i seks år, vi i førti.
Vi kan handtera rakettane, vi har budd her i 40, og då er det litt kunstig å skulle endra regelverket. Det er dei andre som er nyinnflytta; då må dei forhalda seg til ting slik dei er, det er dessutan ikkje rigid
/
Det er alvorleg. Nokon skal brenna i natt. Det er forferdeleg. Og så at vi ikkje veit.
/
Nokon skal brenna. Og så at vi veit; kva er det som gjer at vi gjer det, fyrer av milliardar og let dei hyla , endå vi veit – men vi feirar, likevel, kanskje nettopp difor: Vi lever, framleis, og det er farleg. Nokon skal brenna, for nokon gjer det alltid, men det er ikkje ein tanke som tener til noko, det er ikkje ein konstruktiv tanke, det er viktig å vera tilstades. Du, Sigrun, veit jo dette, har fått erfara, kor viktig det er å vera til stades medan vi er her. Det er beundringsverdig korleis du har nytta – eller, kva skal vi kalla det. Korleis du har takla det. Vi hugsar jo korleis
/
Vi skal løfta hender som er fletta inn i kvarandre, tømma glas og auga skal funkla. Vi skal gløyma det vanskelege og feira det vi har fått til. Tida sjølv er jubilant. Sekunda skal få sin eigen fest, i dét vi tel ned frå tre til to eitt Godt nytt år! Lat dette bli kjærleikens år. At vi skal tora å tru på det vi ikkje kjenner. At varmen skal vera grenselaus, det menneskelege. Verdiane. At verdiane vi trur på og held så høgt, skal kunna delast og bli tiljubla av endå fleire på jorda her. Dei minste er vakne heilt til no, og dei eldste har fått gå og legga seg. Hunden har fått noko å roa seg på og det er lenge sidan eg har sagt det, kjære, men det er sant. Eg elskar deg.
/
Klokka halv elleve. Mannen min kviskrar i forbifarten, når folk klappar etter at Grete levert ein vits: Vi klappar og Kalle lener seg mot meg.
Hæ, seier eg.
Kalle gjentek men eg høyrer ikkje, for folk er ikkje ferdige med å klappa; kva seier du, seier eg, og så blir det stilt. Alle forventningsfulle, klare til å le av neste replikk.
Eg undra berre på kva naboen driv med. Gløym det.
Kalle er redd naboen skal ha større fyrverkeri enn oss, seier eg.
Herregud, Ingrid. Kalle smiler surt. Eg kysser han.
Naboen må spruta kinaputtar så mykje han vil. Eg har andre måtar, seier Kalle.
Ja, seier eg.
/
Har eg fortalt kor mykje betre vi har det?
Vi fortalde vel ikkje alt i fjor
Det er ikkje alltid det er naturleg
No har vi det bra
Faktisk veldig
Det heiter seg at alle har periodar
Men det er vanskeleg å førestilla seg før ein står der, med driten oppetter
Poenget er at det går over – hugs det!
Og no er vi lukkelege
Kalle og eg
Og no må de drikka!
Herregud, så mykje som kan skje på eit år
/
Rakett frå Nordkorea heilt bort til Statane, seier Joar
Ja det er sant, dei snakka om det
Kina og Russland. Dei protesterer. Men galningane: gjer det likevel.
Ja?
Ja.
Ja.
Og ingen snakkar om det
Kva meiner du?
Har vi snakka om det?
Nei.
Vi snakkar om det no?
Ja no ja, men
Kva meiner du, no ja? No? I kveld? Vi?
Ja?
Nei, snakka om det? Kva skal vi seia? Snakka om det?
Nei du har rett. Det er ikkje noko å seia
/
Vi kunne diskutera
Kva då
Diskutera kor farleg det er
Kva då
At Nordkorea prøveskyt rakettar
Det er farleg. Men kva skal vi seia? Det er klart, alle må få prøva seg.
Meiner du? Det du nett sa?
Ja?
Eh. Ja.
Ja. Vel.
/
Eit lite land kan ikkje driva og bomba Gud og kvarmann,
Men noko må vi gjera
Gjera noko
Ja
Så kva då? Kva skal vi gjera?
Noko. Snakka om det. Bry oss.
Ja men kva skal vi gjera då? Skal vi knusa dei sønder og saman?
/
Unnskyld kan du setja på noko dsjæææz.
Eg har lyst på litt dsjæææz.
/
Kva er han slags fyr, han naboen din? Fyra av så mykje på førehand. Han driv med noko anna også, ser ut som. Vinkelsag eller noko. Godt vi ikkje er religiøse, seier Grete og blunkar. Ja, ler Kalle beskt. Lysa der nede er kvite, som frå arbeidslamper, ikkje som frå logande varmekjelder.
/
Det har med erfaring å gjera.
Jo, men du har sett på opp igjennom, du har respekt for kva det handlar om. Du veit kva det handlar om – det blir som folk som kjem ut av skåpet, eller som driv med noko i skjul – eller som når dei endeleg får pengar. Det blir smaklaust. Det blir liksom sånn… Det er forferdeleg, folk forstår ikkje at reglane som kjem – altså, ansvarlege folk er ansvarlege uansett, og dei andre bryt reglane uansett, så alle dei nye forordningane verkar på ein måte mot si hensikt
/
Her sit vi og prøver å ta allting innover oss,
men
Kva meiner du, skal vi la vera, då, ikkje eingong prøva
/
Prøva. Prøva å vera nær
Eg meiner ein må starta i det nære
Sitja og preika moral, det er det du vil; du ser arbeidarpartitoppane!
Men eg meiner
Pøh. Viss eg var deg –
Du er ikkje meg
Eg ville ikkje vore så brennsikker. For å seia det sånn
/
Eg står på kjøkenet. Eg tenkjer på mannen eg var gift med før. Han var ein mild og stille person eg vart raustlaus med. Eg tenkjer på kva juleselskap eg ville hatt viss eg var gift med Jørgen. Dei er så støyande der inne, utan musikalitet. Eg likar ikkje vitsane til Grete, ho poserer, dyttar inn referansar og forteljingane er utan poeng.
/
Eg har fått raudvin på blusen. Eg hugsar eit triks om å fjerna raudvin med kvitvin, så eg opnar ei flaske sjampanje. Helst burde eg gått på badet, men då må eg gjennom selskapet så eg lener meg over vasken og heller sjampanjen over brystet. Vinen forsvinn i vasken eller nedover skjørtet, eg tørkar opp med kjøkenkluten. Det er glatt på golvet så eg kippar av meg pumpsane og nylonen trekkjer raudt. Eg tenkjer på korleis det ville vore viss mamma og pappa levde, i staden for desse evinnelege venneparadane. Då eg var yngre føretrekte eg venner, men no likar eg familie betre. Det er noko som har hendt: Eg tenkjer familie er alt.
/
Korleis går det, musemor, ropar Kalle med undertrykt latter. Summinga stilnar. Alle vil høyra kva det er, er det noko?
Kva er det
Du står her berre, kvifor står du her.
Det er ein kveld for ettertanke, forsvarar eg meg: eg stod og såg.
Kva ser du på
Snøen. På snøen som dalar og lyset som skin gjennom, det er fint sjølv om fonna er grå.
Ja.
Ja.
I det same skjenar ein rakett. Det der kan dei spara seg, seier Kalle. Billege greier i dagevis før kvelden. Kunne dei ikkje valt seg èin ordentleg, i staden.
/
Er de mange i år?
Det sprutar i horisonten. Så stilnar det, før ein bil rundar svingen og kvin forbi. For tretten år sidan var det ein som drap seg der nede. Eg håpar folk køyrer forsiktig.
Naboen har lange auge inn, spør om vi er mange.
Eg svarar: vi er dei same som sist. Han spør kva vi har tenkt.
Kva har de tenkt?
Eg smiler. Eg veit ikkje kva han meiner, men han har ein underleg sjarm. Så byrjar han å snakka om omsyn, det er viktig å ta omsyn, han snakkar om omsyn.
Eg takkar, legg handa på armen hans og seier det er snilt.
/
Han spør om eg kan flytta bilen. Det verkar unødvendig, men eg seier ja – eg er ikkje full. Eg stressar ikkje – veit ikkje kor lang tid som går. På veg inn snublar eg i ei snøfonn, men det gjer ikkje noko, eg slår meg ikkje, sjølv om fonna er frosen til is.
/
Det å skulle verna seg og setja opp alle moglege sikringssystem mot allting – slik er det blitt. Slik er folk blitt. Eg likar det ikkje, det verkar unødvendig og nesten provoserande.
/
Med så mykje naud i verda, desto viktigare at vi veit å feira det vi har. Høgtida blir vatna ut når ein fyrer av alt på førehand. Er det ikkje forferdeleg. Men vakkert.
Vi står ute og frys. Vi held kalde glas mellom fingrane og klemmer og er varme innvendig. Lat dette blir kjærleikens år. Lysets år. Eit år av håp og sjansar.
Vi løftar hender som er fletta i kvarandre, ropar og auga funklar. Vi let lysa spraka og ser røden blussa hjå dei vi er glade i. Det er lenge sidan eg har sagt det, kjære, men eg elskar deg. Kan du tru meg?
Dette er mitt ønske for det nye året: At du skal byrja å stola på meg. Når eg elskar deg.
Han spør om det er greitt at han set opp ei rampe for avfyring på førehand, seier han: prøveskyting. Eg veit det er forbode, seier han, men alle andre gjer det, så då vil han gjerne gjera det likevel. Om det er greitt. Det verkar litt overanstrengt, men no er klokka uansett tolv, så eg seier ja: ja seier eg jovialt, hostar i armkroken men klarnar stemma og dunkar naboen godmodig i ryggen. Klart det, vi er jo naboar. Eg dunkar kanskje litt hardt.
Han har budd her i – ja, no er det vel seks år
Er det ein vegg?
Godt nytt år, Georg. Unnskyld, eg er litt full, men eg er utruleg glad i deg. Du veit eg alltid har villa i buksene på deg. Slapp av, eg veit eg ikke kan. Berre så godt å få sagt det
Godt nytt år!
Vi er tomme – har skote opp alt. Ser du naboen – er det ei støtteinnretning? ein ny veranda? Det verkar litt valdsamt, men det er også på ein måte fint – ein kvar får skapa sine tradisjonar.
/
Det med mørkret. Blinkinga som fasar ut. Når klokka nærmar seg eitt.
Noko med kvila, når jula er over.
At vi endeleg får fri frå Gud