Fem års­ti­der var eit tekst-, web- og scene­pro­sjekt som gjekk gjen­nom heile 2013.

bilete til heimeside -forsøk1
© Maria Tryti Vennerød

WEB
Med utgangs­punkt i tida vi lever i, ville eg skriva meg gjen­nom året og legga teks­tane ut her på www.femårstider.no.

SCENE
For kvar års­tid gjorde regis­sør Maren E.Bjørseth eit utval av dei siste teks­tane. Stunt­pro­duk­sjo­nane for kvar års­tid vart kalla tea­ter­in­stal­la­sjo­nar, og fann stad på Youngs­tor­get (VIN­TER), Bota­nisk Hage (VÅR), Stav­an­ger Luft­havn Sola (SOM­MAR) og Nordby­sent­ret på Svine­sund (HAUST).

Til slutt­fram­sy­ninga Fem års­ti­der på Det Norske Teat­ret i novem­ber 2013 skreiv eg eit heil­skap­leg manus med utgangs­punkt i teks­tane frå heile året.

TEKST
For kvar års­tid og i sam­band med kvart stunt trykte Klasse­kam­pen utdrag frå teks­tane, med illust­ra­sjon av Knut Løvås.

Dikt­sam­linga SKRED­FARE. Dikt og andre teks­tar er basert på Fem års­ti­der og kom ut på  Cap­pe­len Damm i 2014.

Dra­ma­ti­kar og ansvar­leg eigar: Maria Tryti Ven­ne­rød

Webut­for­ming: Heydays

Pro­du­sent: Det Norske Teatret

Copro­du­sent: Dra­ma­tik­kens Hus
 

Tea­ter­for­lag: Nor­diska Aps

Forlag: Cap­pe­len Damm 

Regis­sør: Maren E. Bjørseth

Sko­de­spe­la­rar: Jon Bleik­lie Devik, Ingunn Beate Øyen og Heidi Gjermund­sen Broch

Pro­du­sent for stunt­se­rien: Marit Grim­stad Eggen

Dra­ma­turg: Ola E. Bøe

Fød­sels­hjel­par til pro­sjek­tet: Kai Johnsen

Tekst­kon­su­len­tar under­vegs: Anne Fløt­a­ker, Ceci­lia Ölveczky og Ole Johan Skjelbred.

Slide­shows: Erlend Berge

 

TAKK

Tusen takk til alle – ein­skild­per­sonar og insti­tu­sjo­nar – som har hatt trua på dette uvan­lege pro­sjek­tet og som har vore med på å gjera det mog­leg.
Ein sær­leg takk til dra­ma­turg gjen­nom mange år, Ceci­lia Ölveczky og redak­tø­ren min på Cap­pe­len Damm, Anne Fløt­a­ker.
Takk til Kai John­sen som gav meg mot til å gjera det eg drøymde om, og takk til Det Norske Teat­ret og Dra­ma­tik­kens Hus som gjorde det mog­leg å gjennomføra.

 

mtv@getmail.no